Stord best, men forundra over sigeren

Stord vidaregåande skule gjekk til topps i konkurransen om å lage beste forside til søkjarkatalogen til dei vidaregåande skulane i Hordaland, men dei tre vinnarelevane er forundra over at dei vann. – Det var mange andre flotte forslag, seier Katrine Bjørg

Dei tre elevane ved Stord vidaregåande skule (i midten f.v.) Katrine Bjørgen, Øyvind Kvarme og Kristina Haraldseid, vann 7000 kroner i premie for teikningane til søkjarkatalogen (blå) og inntakskatalogen (oransje). I juryen var Natacha Rivera (t.v.) ved Fagopplæringskontoret og inntaksleiar Nils Skavhellen.
Dei tre elevane ved Stord vidaregåande skule (i midten f.v.) Katrine Bjørgen, Øyvind Kvarme og Kristina Haraldseid, vann 7000 kroner i premie for teikningane til søkjarkatalogen (blå) og inntakskatalogen (oransje). I juryen var Natacha Rivera (t.v.) ved Fagopplæringskontoret og inntaksleiar Nils Skavhellen, pluss Jo Gjerstad i Bodoni Hus som trykkjer katalogen (ikkje til stades). Foto: Bjarte Brask Eriksen

Menneskekroppen
–  Vi byrja med ei individuell oppgåve om menneskekroppen. Så vart vi tre med i ei av gruppene i klassene for å delta i konkurransen. Vi hadde to forslag og klarte ikkje å bestemme oss, så vi sende inn begge. Mange av dei andre teikningane som var med i konkurransen var og gode, men vi trur vi vann på at fargane våre er trendy. Juryen likte og godt at vi brukte symbolikk med menneske som går i forskjellige retningar, fortel dei tre elevane som likar seg godt på skulen.

Ein del av noko større
– Stord vidaregåande skule er ein utruleg kjekk skule. Vi føler at vi er ein del av noko større. Kantina er eitt av mange høgdepunkt, seier Katrine Bjørgen, Øyvind Kvarme og Kristina Haraldseid som alt har fått nye oppdrag: Å lage banner og design til Stordfestivalen, 10 årsjubileet for Stord som by.
Premien på 7000 kroner skal gå til klassetur til Oslo, med avreise 11. februar. Der skal klassen bruke ei veke mellom anna på galleri og utstillingar.

Svært jamt i teten
Juryen seier at det var svært jamt i teten i konkurransen i år.
– Vi er svært nøgd med deltakinga. Det kom inn 50 forslag. Vi har aldri før fått så mange teikningar i dei fire-fem åra vi har hatt konkurransen. Etter å ha godt gjennom teikningane, sat vi att med dei tre beste. Det var fargane som gjorde utslaget. Vinnarteikninga til Stord er svært bra, seier jurymedlem Nils Skavhellen i Hordaland fylkeskommune.

Vinter- og sommarfargar
Jurymedlem Natacha Rivera ved Fagopplæringskontoret fortel at vinnarane hadde sendt inn to utkast med same motiv, men i to ulike fargar. Den eine varianten var i vinterfargen blått som dermed hamna på forsida av søkjarkatalogen som no er ute. Den andre varianten i sommarfargane gul-oransje farge skal komme på forsida av inntakskatalogen som kjem når sommaren nærmar seg.

Røntgenbilete av ein som har giardia
– Det var ein som sa at teikninga såg ut som eit røntgenbilete av ein som har giardia. Teikninga viser menneske som går i ulike retningar. Tidlegare er det blitt brukt mykje trær og vegar for å illustrere dei ulike vegvala dei unge har, men vi kan ikkje bruke dette kvar gong.
Vinnarteikninga er ein meir moderne utgåve av trær og vegar. Dessutan la vi vekt på at dei hadde laga versjon til bruk i begge katalogane, seier Rivera.
Den tredje som deltok i juryen, Jo Gjerstad i Bodoni Hus som trykkjer katalogen, hadde ikkje høve til å delta på Stord.

Bjarte Brask Eriksen 07.02.2007 14:25
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart