
- God skatteinngang, god økonomistyring og dyktige medarbeidarar gav Hordaland fylkeskommune eit rekordoverskot i fjor, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og varaordførar Tom-Christer Nilsen. Her saman med elevar ved toppidrettslina ved Åsane gymnas under presentasjonen i dag. (Foto: Simon Sortland).
- Eg er svært godt nøgd med resultatet. Jamvel om mykje av overskotet kjem av ein ekstraordinær god skatteinngang, er det ikkje tvil om at også god økonomistyring har bidrege til det flotte resultatet, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Den gode økonomiske utviklinga frå 2005 då fylkeskommunen fekk overskot på 65,6 millionar kroner, held dermed fram. Det gode resultatet kjem fram etter at det er sett av netto 119,2 millionar kroner til fond og 67,2 millionar kroner er brukt til investeringstiltak med meire.
God skatteinngang
Det er særleg skatteinntektene som er årsaka til det gode resultatet. Skatt og inntektsutjamning er nær 108 millionar kroner høgare enn budsjettert. Andre postar på plussida er rentekapitlet og lågare pensjonskostnader enn rekna med.
For dei fleste sektorane i fylkeskommunen er det godt samsvar mellom budsjett og rekneskap. Dette viser at også i 2006 har den gode budsjettstyringa vore medverkande til rekordresultatet.
Overskriding innan opplæring
Opplæringssektoren viser overskriding på 35 millionar kroner etter at det er sett av netto 12,4 millionar kroner på disposisjonsfond. Fylkeskommunen har den ordninga at dei einskilde vidaregåande skulane får disponera overskot og må dekka inn underskot.
Dei aller fleste vidaregåande skulane i Hordaland hadde i 2006 driftsoverskot som kan brukast i tillegg til budsjettet dei komande åra. Samla har dei vidaregåande skulane ved utgangen av 2006 nær 50 millionar kroner på slike ”overskotsfond”.
Tilskotet til lærlingopplæring og posten ekstern spesialundervisning er dei viktigaste faktorane for å forklara budsjettoverskridinga innanfor opplæringssektoren.
Hovudtal frå rekneskapen (tal i 1 000 kr)
2005 2006
Driftsinntekter 3 576 3 920
Driftsutgifter 3 208 3 505
Brutto driftsresultat 368 415
Renter netto og avdrag 109 108
Netto driftsresultat 259 307
Netto driftsresultat i %
av driftsinntekt 7,2 % 7,8 %
BA: Overskuddene baller på seg
BT: Pengebingen Hordaland