Det vil koste 37 milliardar kroner å gje Bergensområdet tilfredsstillande transportsystem. Det går det fram av transportanalysen for perioden 2010-1030 som vart lagt fram 9. februar. Investeringa skal sikre at Bergensområdet framleis skal vere attraktivt
Pengane skal brukast slik: Bybane: ni milliardar kroner, andre kollektivtiltak: tre milliardar, ytre ringvegsystem med innfartsårer og hovudvegar: 19 milliardar, gang, sykkel, trafikksikring og miljøtiltak: to milliardar, jernbane: ein milliard og tiltak i nabokommunane: tre milliardar kroner.
Veksande biltrafikk
Den veksande biltrafikken er hovudutfordringa. Innan 2025 er det rekna med ein auke på 70.000 personar som nyttar transportsystema til arbeids- og fritidsreiser. Dette kan føre til monalege problem med kø og forseinkingar på store delar av vegnettet. Analysen viser at det er nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg med betre kollektivtrafikk for å dempe veksten i biltrafikken. Det blir difor skissert tiltak som trafikantbetaling for å dempe biltrafikken, som saman med bilparkering ved knutepunkt og rasjonell overgang til kollektivtransport skal auke kollektivtrafikken.
På høyring
Denne transportanalysen er no sendt ut på høyring til kommunar, regionråd og interesseorganisasjonar, etc. Høyringsfristen er 19. mars 2007. Transportanalysen skal politisk handsamast i Hordaland fylkesting 29. mars og i bystyret i Bergen 26. mars. Endeleg prioritering av tiltak og utbyggingsprosjekt i Bergensområdet skal seinare fastsetjast innanfor handlingsprogrammet til Nasjonal transportplan. Bak transportanalysen står Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og Statens vegvesen.
Transportanalysen for Bergensområdet 2010-2030, høyringsutkast, pdf-fil