– Ein del elevar har bestemt seg før dei kjem, men vi opplever og at enkelte som har bestemt seg, ombestemmer seg når dei finn noko interessant. Utdannings-messa er blitt ein etablert arena der skular og næringsliv får møte elevane og presentere seg. Vi har døme på bedrifter som har fått lærlingar på messa, seier Skibenes.
67 utstillararUtdannings-messa har funne plassen sin i idrettshallen i Leirvik med 67 utstillarar frå 15 vidaregåande skular, 13 universitet og høgskular, to
Sunnhordland Kraftlag hadde utstilling på Utdanningsmessa på Stord for å kapre ein til to lærlingar innan energimontørfaget. Potensielle kandidatar fekk prøve å klatre i lyktestolpe. Silje Rullestad seier at jentene er flinkare til å klatre enn gutane fordi dei vrir foten på rette måten. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)
folkehøgskular, pluss ein del bedrifter, opplærings-kontor og offentlege kontor.Stord Rotaryklubb er arrangør.– Vi fekk ideen frå Karmøy der Rotaryklubben der arrangerte utdanningsmesse. Vi byrja i det små, men det har balla på seg dei siste åra. Vi har prøvd å profesjonalisere oss. Utstillingane er blitt betre, og vi har fått fleire utstillarar. Dei skal spegle yrkessamansetjinga i samfunnet, seier Skibenes.
Frå Stord til ÅndalsnesIkkje berre lokale utstillarar finn vegen til Utdanningsmessa på Stord. Skibenes har og eit døme på at Rauma folkehøgskule i Åndalsnes reiser den lange vegen sørover for å kapre elevar.– Folkehøgskulen har hatt utstilling hos oss ein del gonger og får mange gode elevar frå Stord og Sunnhordland. Sist fekk dei ni elevar, og berre ein elev er nok til å dekke kostnaden for skulen med reise og deltaking på messa, seier Skibenes.
Samfunnsmessig engasjementRotary arrangerer messa grunna sitt samfunnsmessige engasjement, men dei håpar og å få noko att.– Vi har eit budsjett på 300.000 kroner. Pengane går mellom anna til å busse elevane frå dei sju Sunnhordlandskommunane. Rotary driv mykje dugnad for å få messa i stand, og vi prøver å få overskot, seier prosjektleiar og medlem av Rotary, Norvald Skibenes.
Kvinnherad vidaregåande skule markerte seg med sterke fargar på Utdanningsmessa, og elevar på formgjeving viste at dei kunne male: Rune Kleppe (f.v.), Jennifer Helland og Malin Ersland.