Kjempar for heving av ubåtvraket

- Å dekka til ubåtvraket ved Fedje er inga fullgod løysing. Me vil på det sterkaste be Regjeringa om å gjera ei ny vurdering av saka, for å få heva og fjerna vraket for all framtid, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

I eit brev til Fiskeri- og kystdepartementet skriv ho at Hordaland Fylkeskommune er lite nøgd med avgjerda om at vraket av ubåten U864 ved Fedje, med ei kvikksølvlast på 65 tonn, skal sikrast for framtida med innkapsling og tildekking.

Inga fullgod løysing
- Både lokalt på Fedje og regionalt er oppfatninga at tildekking ikkje er noka fullgod løysing, kanskje berre ei utsetjing i tid før nye tiltak må til. Me vil ikkje kjenna oss heilt trygge før kvikksølvet er fjerna frå havet, understrekar fylkesordføraren.

Ho vedgår at det vil kosta mykje å få heva ubåtvraket, men fryktar at kostnadane på lang sikt vil verta langt større. - Teknologien for å heva ubåtvraket utan lekkasjar, og å få med alt botnslammet, finst i regionen vår i dag, påpeikar Selsvold Nyborg i brevet.

Omdøme på spel
Ho held fram at kvikksølvutslepp i den storleik som ubåtvraket representerer, kan gje uante konsekvensar for fisk og skaldyr og dermed også for fiskeri- og oppdrettsnæringane. Det er viktig at me handlar slik at sjømaten vår, som er viktig både til innanlands bruk og til eksport, ikkje kjem i vanry.

- Det er stor interesse internasjonalt for korleis me handterer og løyser dette miljøproblemet. Så sterkt som me her i landet står på barrikadane for å få andre nasjonar til å stoppa miljøureining som trugar vårt land (Sellafield), må me syta for å gjera jobben grundig når me sjølv har utfordringa. Det står om Noregs omdømme som miljønasjon, meiner fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Simon Sortland 16.02.2007 08:39
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart