
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg opna Smak av Kysten".
Opninga vart arrangert i lokala til Sparebank 1 SR Bank som har sponsa prosjektet med 1,75 millionar. Hordaland fylkeskommune og Innovasjon Norge har gått inn med omtrent tilsvarande beløp.
Matkulturfylke
– Hordaland fylke har proklamert seg sjølv til matkulturfylke, og då er det heilt naturleg å satse på fisk og sjømat, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg under opninga. – Det er eit ønskje frå vår side å leggje til rettes for kjennskap til og bruk av fleire sjømatprodukt. Vi er jo særs heldige som har så mange fantastiske råvarar rett utanfor stovedøra vår. Noko som gjer at vi har god tilgang til ferske og fine råvarar. Men mange av oss er litt for forsiktige med å prøve nye sjømatoppskrifter. Vi har ein god del å gå på når det gjeld å eksperimentere med mat frå havet; Her kan vi lære mykje av våre venner på Kontinentet,” sa fylkesordfører Torill Selsvold Nyborg.
Tung satsing
Smak av kysten er ei tung satsing for eit meir variert sjømattilbod på serveringsstader i Hordaland. Dette gjeld både dei finaste restaurantane, kafear, kantine, catering og institusjonskjøkken. Alexandra Krage Angell frå Norsk Sjømatsenter er prosjektleiar og involverer både Sjømatsenteret og innleigd personell til opplæring i marin kokekunst.

Prosjektteamet er frå venstre: Bjørg Samuelsen, Per Christian Valland og Alexandra Krage Angell
Utvalde restaurantar
Kompetanseprogrammet er ein viktig del av prosjektet og er eit opplæringsprogram for serveringsverksemder. Dei første 12 startar den 8 dagar lange opplæringa no i februar. Alt frå kjente byrestaurantar som Bellevue og På Høyden til landlige hotellrestaurantar som Solstrand, Bekkjarvik og Ullensvang er med. Over ein toårs periode skal 48 utvalde restaurantar i Hordaland få vere med. Kjente matekspertar som Lars Barmen, Hanne Frostad, Fredrik Hald, Stein Mortensen og Astri Riddervold skal undervise kursdeltakarane på Kulinarisk teater på Bontelabo. Etterkvart som nettverket veks skal det haldast faglege samlingar.
Kafesegmentet
Prosjektet vert utvida til andre serveringssegment og kanskje nabofylka etterkvart. Eit pilotprosjekt for kafesegmentet har nettop starta; ein skal lage eit serveringstilbod på det første oppdrettsanlegget tilrettelagt for turistar på Vestlandet! På Lingalaks sitt visningsanlegg i Fyksesund i Hardanger.
I heile prosjektet er det er fokus på å bruke lokale råvarer både frå vanlege fiskeslag, lite nytta ressursar og nye oppdrettsartar. Ein tek sikte på å utvikle varierte rettar både meir tradisjonsbaserte og moderne nyutvikla rettar med internasjonal vri.
Sponheim i styringsgruppa
Prosjektet har ei spennande styringsgruppe der mellom anna tidlegare landbruksminister Lars Sponheim, leiar i NHO-reiseliv sitt serveringsutval Eric Saudan og kulturpersonlegdom Helga Golten er med. Først og fremst dreier prosjektet seg om sjømatopplevingar og større matglede.
Meir informasjon:
www.hordaland.no/marin
http://www.innovasjonnorge.no/marin
www.sjomat.no

Vestlandslefse med snøfrisk og røkelaks.

Sashimi av brosme med sesam.

Torsk med torskeskinnchips.