Glad for gjenopprettinga av oljeverndepot på Fedje

- Det var med stor glede me mottok meldinga frå Regjeringa om at oljeverndepotet på Fedje skal gjenopprettast, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Ho er overtydd om at dette i framtida vil føra til at ein raskare vil kunne setje inn tiltak for å redusera skadeverknadene ved oljeutslepp frå havaristar. Det er behov for ei auka satsing og styrking av oljevernberedskapen. Hordaland fylkeskommune ventar at det absolutt maksimale vert gjort for å unngå ulykker i eit av verdas mest utsette og trafikkerte farvatn.

- Vi kan ikkje akseptera anna enn at vi skal vera  best mogleg førebudde til å handtera konsekvensane når ulykker skjer. Avgjerda til Regjeringa om å gjenoppretta oljeverndepotet på Fedje er såleis svært gledeleg og særs viktig, skriv fylkesordføraren i eit brev til Fiskeri- og kystdepartementet.

Simon Sortland 16.02.2007 08:42
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart