Dette er spørsmålet fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg ynskjer ei brei deltaking om når ho no inviterar til høyringsuttalar om regionreforma og inndeling i framtidige regionar. Kommunar, regionale og offentlege etatar, næringslivsorganisasjonar med fleire vert beden om å delta i ein viktig prosess for å påverke utforming av det framtidige regionale nivået.
Brei medverknad
Regjeringa har som kjend varsla ei reform av offentleg forvaltning der det frå 1.1.2010 mellom anna vert teke sikte på å erstatte dagens fylkeskommunar med sterkare regionar. Dei to mest aktuelle alternativa er ein forsterka fylkesmodell eller ein regionmodell.
Stortinget vil i løpet av april 2007 venteleg ta stilling til kva for oppgåver dei nye regionane skal ha ansvar for. Fylkeskommunane er bedne om å ta stilling til geografisk inndeling i to omganger. Først skal dei noverande fylkestinga ta stilling til saka i juni 2007, og deretter skal dei nye fylkestinga som blir valde hausten 2007, uttale seg i løpet av desember 2007. Stortinget skal våren 2008 ta endeleg stilling til geografisk inndeling av dei nye regionane.
- Fylkeskommunane har fått ansvar for å leggje opp til prosessar som sikrar brei medverknad i diskusjonane om framtidig regioninndeling, seier Selsvold Nyborg. I dag deltek ho på open høyring i Stortingets kommunal- og forvaltningskomité om regionreforma.
Ny Vestlandsregion?
Ut i frå departementet sine føringar, ser fylkesordføraren to alternativ. Å oppretthalde Hordaland med dei grensene som fylket har i dag, eventuelt med mindre justeringar i grensene. Det andre er å inngå i ein Vestlandsregion med heile eller delar av eit eller fleire av nabofylka.
- Eg vil be om at høyringsinstansane tek stilling til desse to alternativa, og at det også blir gitt ei grunngjeving for ønskje av framtidig inndeling, seier Nyborg.
Ho syner til at politiske organ i fylkeskommunen har uttalt seg om regioninndelinga ved fleire høve, sist i fylkesutvalet 25. januar i år. Hordaland fylkeskommune tok også saman med Rogaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune del i eit utgreiingsarbeid om ein Vestlandsregion hausten 2005.
Fylkeskommunen vil arrangere ein høyringskonferanse i Bergen i neste månad. På internettsida www.hordaland.no legg fylkeskommunen ut fortløpande informasjon om saka.
- Høyringsfristen er 27. april. Vi tek sikte på å handsame denne saka i fylkestinget 12-13. juni, seier fylkesordførarar Torill Selsvold Nyborg.
Regionreform - Inndeling i framtidige regionar - Høyring