Ekstraløyving til Fortidsminneforeningen

Kultur- og ressursutvalet vedtok 50.000 kroner i tilleggsløyving til drift av Fortidsminneforeningen, Bergen og Hordaland avdeling. Foreininga søkte om 124.000 kroner.

I 2005 fekk Fortidsminneforeningen eit fylkeskommunalt driftstilskott på 100.000 kroner. I 2006 vart tilskottet redusert til 25.000. Foreininga peika på at dette var ein dramatisk reduksjon med store konsekvensar. Kultur- og ressursutvalet løyvde i desember i fjor 26.000 kroner i driftsstønad. Samla tilskott frå Hordaland fylkeskommune vert då 76.000 kroner for 2007.

Sigmund Olsnes sette på vegne av A, SV, SP og V fram forslag om å auka løyvinga til 75.000 kroner. Forslaget fekk 6 røyster (A, SV, SP og V) og fall. Fleirtalet (Frp, H, KrF og P/U) gjekk inn for fylkesrådmannen sitt framlegg om 50.000 kroner i ekstraløyving. Nivået for driftstilskottet for 2008 vil ein koma attende til i samband med budsjettarbeidet.

Kompetanseregister

Fortidsminneforeningen utfører oppgåvene med låg kostnad og stor grad av friviljug innsats. Reduksjon i driftsinntektene vil truleg medføra nedbemanning av kontoret, noko som vil få konsekvensar for den aktive rolla Fortidsminneforeningen kan spela i kulturvernspørsmål. Kontorstillinga har og ei nøkkelrolle i arbeidet med mobilisering og koordinering av den friviljuge innsatsen.

For 2007 arbeidar Fortidsminneforeningen med eit register over handverkarar med antikvarisk kompetanse, kurs i ulike handverksteknikkar og ei rådgjevingsteneste. Det er viktig for fylkeskommunen å ha medspelarar innanfor frivillig sektor, som medverkar til kunnskap, engasjement og konkret forvaltning av kulturarven, og som er i stand til å setja verneproblematikk på den politiske dagsorden, heiter det i grunngjevinga. Fylkeskommunen har eit forvaltningsansvar for kulturminne i Hordaland, og i samsvar med kulturminneloven har også eit ansvar for forvaltning av freda bygningar.

Fortidsminneforeningen eig og forvaltar sju freda bygningar i Hordaland. Mellom desse er 1700-talskyrkja på Holdhus i Hålandsdalen og steinkyrkja på Moster, begge unike kulturminne i nasjonal samanheng.

Simon Sortland 08.02.2007 14:01
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart