
– Likeverdige offentlege tenester kjem ikkje av seg sjølv, seier Jorun Hermansen (t.h.), seniorrådgjevar i IMDI. Liv Tvilde Laading er prosjektleiar for Hordalandsmodellen. Foto: Bjarte Brask Eriksen.
Hordalandsmodellen er eit kompetanseutviklingsprogram for å gjere det offentlege tenesteapparatet betre i stand til å ta imot innvandrarar og flyktningar. Programmet er utvikla av Hordaland fylkeskommune med Liv Tvilde Laading som prosjektleiar og personaldirektør Geir Davidsen som prosjekteigar.
Eit godt verktøy
IMDI trekkjer fram Hordalandsmodellen som eit godt verktøy i integreringsarbeidet og har direkte lenkje til Hordalandsmodellen på si internettside der verktøykassa er tilgjengeleg.
– Likeverdige offentlege tenester kjem ikkje av seg sjølv. Det krev innsats, ikkje minst frå sakshandsamarar i førstelinja og leiarar i offentleg sektor, seier seniorrådgjevar Jorun Hermansen i IMDI, og oppmodar alle som møtar fleirkulturelle utfordringar i arbeidet til å ta i bruk verktøykassa og verktøya som ligg der, så som Hordalandsmodellen.
Hordalandsmodellen i Drammen
Drammen kommune er ein av mange offentlege etatar som nyttar verktøykassa til IMDI til kursing i tverrkulturell forståing.
– Drammen kommune, ved Senter for oppvekst, skal no gjennomføre Hordalandsmodellen for eigne tilsette innan barnevern, eining for einslege mindreårige flyktningar, barnevernvakt, habiliteringstenesta, PP-tenesta og kontorfagleg gruppe, i tillegg til samarbeidspartnarar innan skule, barnehagar, helsestasjonar, politi, kultursektor og det friviljuge hjelpeapparatet, fortel Hermansen.
Handbøker for 130.000 kroner
Liv Tvilde Laading opplyser at IMDI nettopp har kjøpt 1000 eksemplar av Handboka i Hordalandsmodellen for 60.000 kroner for gratis distribusjon til brukarar av verktøykassa. IMDI har tidlegare brukt 70.000 kroner på kjøp handboka, og trengte påfyll. Drammen kommune skal nytte Handboka, pluss rettleiing frå Høgskulen i Oslo i bruk av Hordalandsmodellen.
– Det er moro at Hordalandsmodellen blir brukt på den måten den er tenkt, for det krev ein god del ressursar, seier Hermansen.
Nøkkel til likeverdig behandling. Nettsidene til IMDI med omtale av Hordalandsmodellen.
Verktøykassa til IMDI der Hordalandsmodellen er sentral
Meir om Hordalandsmodellen på Hordaland fylkeskommune sine nettsider