70.000 kroner til felemakarlærling

Kultur- og ressursutvalet gjekk samrøystes inn for å gje eit årstilskot for 2007 på 70.000 kroner til Ole Bull Akademiet. Midlane er øyremerka felemakarlærling. Ole Bull Akademiet søkte om 60.000 kroner per semester til studium i felebygging.

I 2004 oppretta Ole Bull Akademiet ein felemakarverkstad der felemakar Sigvald Rørlien vart tilsett. Akademiet har no to unge lærlingar som ynskjer å føre felemakartradisjonen vidare. Ottar Kaasa og Bård Riise Hoel går no i lære hos Rørlien, og ynskjer å føre felemakartradisjonen vidare. Kaasa har fått økonomisk stønad frå Telemark fylkeskommune og diverse fond og legat. Riise Hoel har ikkje fått stønad frå det offentlege.

Hordaland fylkeskommune har hatt fokus på kor viktig det er å ivareta handlingsboren kunnskap. Felemakar er eit fag som bevarar tradisjonelle teknikkar, materialar og metodar. I fylket er det tidlegare gjort forsøk på å opprette ein slik læreplass, men prosessen var lang og lærlingen fann seg noko anna å gjere. Gjennomsnittsalderen på utøvande felemakarar er høg.

Ole Bull Akademiet sit i dag på eineståande kompetanse som bør takast vare på gjennom opplæring av nye felemakarar. Det vil vera av stor verdi å få dette prosjektet i gang – tradisjonell og unik kulturtradisjon blir tatt vare på og vidareført.

Faget hardingfelemakar ligg ikkje under opplæringslova og det blir derfor ikkje gjeve statleg tilskot til lærebedrift eller lån og tilskot gjennom Statens Lånekasse til lærlingar innan hardingfelemakarfaget. Hovudsetet for felebyggartradisjonen låg på 16- og 1700-talet i Hardanger. Den eldste bevarte hardingfela i Noreg er datert 1651 og er frå Hardanger.

Simon Sortland 08.02.2007 13:33
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart