50 mill. kr til elev-Pcar i vidaregåande i 2007-08

Det vert innført ordning med subsidiering av berbare Pcar for elevar som byrjar på første trinn (VG1) ved Hordaland fylkeskommune sine vidaregåande skular i 2007 og 2008, har Hordaland fylkesutval vedteke.

Fylkesutvalet har vedteke at ordninga skal ha ei ramme på 25 mill.kr for kvart av åra. Pcane vert subsidierte med inntil 5000 kr pr. elev innan for den løyvde ramma, likevel slik at det vert ein eigendel på minimum 1000 kr pr. PC. Fylkesrådmannen har fått i oppdrag å utarbeida sak om regelverk for ordninga.

Brukar overskotspengar
Av den samla kostnaden på 50 mill. kr for ordninga i 2007 og 2008, legg fylkesutvalet opp til å nytta 40 mill. kr av fylkeskommunen sitt overskot for 2006. Det formelle vedtaket om slik bruk av overskotet vil skje på fylkestinget i juni.
 5 mill. kr av løyvinga i 2007 vert dekka av budsjettmidlar som alt er avsett, og på budsjettet for 2008 skal det tilsvarande løyvast 5 mill. kr.

Fellesfortslag
Forslaget som var vedteke, var eit fellesforslag frå Høgre, Kristeleg folkeparti og Fremskrittspartiet sett fram av Tom-Christer Nilsen.
 Vedtaket vart gjort med åtte (H, KrF, Frp) mot sju (Ap, SV, Sp, V) røyster.

Mindretalet
Mindretalet støtta eit fellesforslag frå Ap, SV og Sp som la opp til at fylkeskommunen skal nytta inntil 30 mill. kr til innkjøp av Pcar og digitale læremiddel til VG1 hausten 2007. Også dei la opp til bruk av overskot frå 2006 til å finansiera ordninga.

Elevane eig Pcane
Etter fylkesutvalet sitt vedtak skal elevane sjølv eiga dei berbare Pcane, medan mindretalet sitt forslag inneber at fylkeskommunen ville eiga dei.

Pressemelding frå fylkesutvalet 22. februar 2007

Stanley Hauge 22.02.2007 16:41
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart