Fylkesutvalet ber om dette i samband med sambanda skal lysast ut på anbod. Forslaget som vart vedteke, vart sett fram av Terje Søviknes (FrP) på vegner av H, FrP og KrF. Forslaget vart vedteke med 8 (H, KrF, FrP) røyster.
Arbeidsreiser
Etter forslag frå Torill Vebenstad (Ap) vedtok fylkesutvalet samrøystes å be om at rustestrukturen Krokeide-Hufthamar vert betre tilpassa arbeidsreiser.
Utvida laurdagsrute
Fylkesutvalet gjekk samrøystes inn for at dagens rutetilbod alt. 1, med to turar i tillegg på laurdagar, vert lagt til grunn for konkurranseutsettinga av riksvegferjesambandet Husavik-Sandvikvåg.
Utgreier ikkje ferjesamband Austevoll-Sund
Fylkesutvalet kan ikkje sjå at det er tilstrekkeleg grunnlag for å setja i gang vidare utgreiingar med sikte på å få reetablert ferjesambandet mellom Kvaløy i Austevoll og Austefjorden i Sund.
Det venta trafikkgrunnlaget vil truleg ikkje vil kunne forsvara investeringskostnadene og dei årlege driftskostnadene, viser fylkesutvalet til.
Vedtaket vart gjort med 12 (Ap, SV, V, Sp, KrF, H) mot 3 (Frp) røyster.
Fremskrittspartiet sine tre representantar gjekk inn for at fylkesutvalet skulle stilla seg positiv til å utgreia ferjesamband over Korsfjorden mellom Austevoll og Sund, og gje fylkesrådmannen i oppdrag å utgreia saka.
Pressemelding frå Hordaland fylkesutval sitt møte 3. desember (rtf-fil)