Hordaland i 2008
er stikkordet og den raude tråden i programmet på nyårsmøtet som vert halde på Radisson SAS Hotell Norge i Bergen. Programmet er tettpakka frå kl. 10.00 til kl. 16.00. Møteleiar er fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen.
Sett frå Hordaland
«Utsikter og utfordringar for Hordaland i 2008?» er tittelen på fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg sitt opningsføredrag. Byrådsleiar Monica Mæland har innlegg om Bergen kommune sine ambisjonar og utfordringar i 2008. «Bergen og Hordaland – eit sterkt lag» er tittelen på bergensordførar Gunnar Bakke sitt innlegg.
Sett frå Stortinget
Stortingsrepresentantane Olav Akselsen og Arne Sortevik kjem med synspunkt frå Hordalandsbenken i Stortinget: «Nytt frå Stortinget – viktige saker for Hordaland i 2008».
Globalisering
Globalisering vert teke opp i to føredrag. Leiar for Den norske Nobelkomiteen, Ole Danbolt Mjøs, sitt innlegg har tittelen «Globalisering og fredsarbeid – perspektiv og tankar». Rektor Jan I. Haaland, Norges Handelshøyskole, tek opp dei utfordringar og utsikter for næringslivet i ei globalisert verd.
Sjå elles vedlagde program
Deltakarar
På deltakarlista står stortingsrepresentantane frå Hordaland, medlemene i Hordaland fylkesutval, ordførarar i Hordalandskommunar, leiarar ved utdannings- og forskingsinstitusjonar i Hordaland, statlege kontor i fylket, organisasjonar og større verksemder, og fylkesadministrasjonen.