Nå skal Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune gjennomføra forhandlingar med dei to vinnarane for å koma fram til kven som får oppdraget med å prosjektera anlegget.

HELLERN er det eine av vinnarutkasta.(Foto KHR og EKJ TI.)
Vinnarane
Bak prosjektet HELLEREN står det danske arkitektfirmaet KHR i samarbeid med EKJ TI. Arkitekt Stein Halvorsen i samarbeid med Haarklau og Lindeberg/O. Olsen, Sintef, ETC og Polyplan står bak prosjektet SYDVEST.

SYDVEST - også eit vinnarutkast.(Foto Arkitekt Stein Halvorsen.)
Samarbeid
Det er Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune som står bak plan- og designkonkurransen. Sidan 31. oktober har ein jury vurdert dei seks forslaga som kom inn frå like mange arkitekt- og rådgjevargrupper. Juryen har vore samansett av åtte personar oppnemnde av oppdragsgjevarane.
Forhandlingar
Prosessen vidare er at det skal førast forhandlingar med dei to vinnarane med sikte på å kåra den som får oppdraget med å prosjektera anlegget. Kva for eitt av de to prosjekta som skal realiserast vil verta avklåra i løpet av januar 2008.
I forhandlingane fram til kåring av den endelege vinnaren må dei to vinnarane mellom anna visa korleis prosjekta kan tilpassast til de merknadene som juryen har kome med.
Fellesprosjekt
Vidaregåande skule og hovudanlegg for symjing og stuping på Nygårdstangen vert gjennomført som eit fellesprosjekt mellom Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune. Det er oppretta ei felles styringsgruppe for prosjektet.
Den vidaregåande skulen og hovudanlegg for symjing og stup skal stå ferdig hausten 2011.
Lenkje til
bt.no: Det står mellom disse to
ba.no: Slik kan det bli på NYgårdstangen