Tende juletre i venskapsregionane

Hordaland markerte venskapen med samarbeidsregionane i utlandet med å tenne juletre i Edinburgh, Cardiff og Orknøyane.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg tende juletreet i Cardiff.Det er blitt ein årleg tradisjon at Hordaland markerer seg på vinterfestivalane i venskapsregionane våre.  Kunstnarar og utøvarar frå Hordaland deltok på alle tre festivalane og medverka til at dei i stor grad blir kulturfestivalar.

I Edinburgh representerte fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Hordaland. Vinterfestivalen der har utgangspunkt i tenninga av lysa på juletreet som folket i Hordaland kvart år sidan 1986 har gjeve til folket i Edinburgh.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg tende lysa på juletreet i Cardiff.

Vann konkurranse
To Edinburgh-jenter,  Leila Ahidar (5)  og Kelsay Wood (10 år) fekk, etter konkurransar arrangert av lokalavisa Edinburgh Evening News, æra av å tenna lysa i skumringa torsdag 22. november. Med eitt trykk på knappen tende dei i alt 200 000 og lyste opp Princes Street Gardens i sentrum av byen. Denne hendinga trekte til seg stor folkemassar og markerte starten på ein seks veker lang vinterfestival som blir avslutta med ein stor offentleg nyårsfest.

Konsert
I Edinburgh gav kunstnarane Rhoda Achieng Ondeng (sopran), Kristina Ebbersten (fiolin) og  Geir Botnen (piano) ein kveldskonsert med verk av Edvard Grieg i The Canongate Kirk. Dette er ein årviss samarbeidskonsert som har utvikla seg over 10 år.

Cardiff
Fylkesordføraren og Hordalandsensemblet reiste vidare til hovudstaden i Wales, Cardiff. Selsvold Nyborg talte og tente lysa på juletregåva frå Hordaland. Etter tenningsseremonien gav musikarane frå Hordaland ein konsert med verk av Grieg i visningssenteret The Tube. Konserten samla mykje folk og illustrerer at også i Cardiff er ein enkel tenningsseremoni i ferd med å utvikla seg ei større kulturtilskiping.

Stort oppmøte då juletreet vart tent i Kirkwall på Orknøyane. Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen tende treet som står ved St. Magnuskatedralen.Orknøyane
Sist ut var det Orknøyane sin tur, vårt eldste venskapsfylke frå 1983. Det er tradisjon at eit ensemble frå Hordaland gjev skule- og kveldskonsertar rundt om på øyane i dagane før. I år var The Fable Folk: Åsne Sunniva Søreide, Torstein Hatlevik, begge song og musikk, og gitaristen Eivind Kvamme med.

I år tende fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen lysa på juletreet under ein seremoni som samla heile 1000 av dei vel 20 000 som bur på øyane. Det er imponerande korleis  lokalsamfunnet stiller opp og medverkar til å gjere desse dagane til ein vellukka vennskapsfestival, som har utvikla seg sterkt frå det første treet vart gjeve i gåve i 1983.

Stort oppmøte då juletreet vart tent i Kirkwall på Orknøyane. Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen tende treet som står ved St. Magnuskatedralen.

 

Åsne Sunniva Søreide under konserten i St. Magnuskatedralen.

Åsne Sunniva Søreide under konserten i St. Magnuskatedralen.

20.12.2007 13:37
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart