Hordaland fylkesutval søkjer om ca. 4,9 mill. kr i statsmidlar til arbeid med å oppgradera bussterminalar. Det vert søkt om midlar til tre prioriterte tiltak som skal betra den universelle utforminga av terminalane.
Fylkesutvalet meiner det er viktig å oppgradera terminalar og knutepunkt i kollektivtrafikksystemet for at flest mogleg kan gjera seg nytte av det kollektive transporttilbodet.
Tre prosjekt
Fylkesutvalet søkjer om statlege midlar til detaljprosjektering av Bystrasjonen/Nonneseter (1. prioritet), tilskot til oppgradering av terminalane i Knarvik, Åsane og Loddefjord (2. prioritet) og tilskot til dekking av simuleringsmodell for trafikk og fotgjengarar på Bystasjonen/Nonneseter (3. prioritet).
Bystasjonen/ Nonneseter
For å kome vidare med utviklinga av Bystasjonen/Nonneseter skal ein gå vidare med detaljprosjektering. Hordaland fylkeskommune søkjer for 2008 om eit tilskott på 3,75 mill. kr til detaljprosjektering, særleg for å ivareta universell utforming av Bystasjonen/Nonneseter. Fylkeskommunen sin eigendel vert 1,25 mill. kr.
Skysstasjonar
Fylkeskommune søkjer midlar for tiltak på nokre av dei terminalane som fylkeskommunen har ansvar for. Dette gjeld Åsane bussterminal, Knarvik skysstasjon og Loddefjord bussterminal. Det er behov for til saman 1,2 mill. kr til tiltak på desse tre terminalane for å kome nærast mogleg universell utforming. Det vert difor søkt om eit tilskot på 900 000. Hordaland sin eigendel vert 300 000 kr.
Fotgjengarar
Det vert og søkt om tilskot på 262 500 kr til dekking av kostnadane som fylkeskommunen har hatt med oppbygging av simuleringsmodellar for trafikk og fotgjengarar til/frå og internt på Bystasjonen. Eigendel for fylkeskommunen vert 62 500 kr.
Pressemelding frå Hordaland fylkesutval sitt møte 3. desember (rtf-fil)