- Det er eit stort tilbakesteg at Regjeringa no har bestemt å sleppa CO2 frå testanlegget på Mongstad til luft og utsetjing av ferdigstillinga til 2011. Olje- og energiminister Åslaug Haga bør no jobba for at den permanente løysinga for fullskala-reinsean
Olje- og energiminister Åslaug Haga sa tysdag at det vert for dyrt å deponera CO2 som vert fanga ved testanlegget på Mongstad. Difor skal klimagassen ein klarar å fanga sleppast rett ut att i lufta. Planane må utsetjast og testanlegget vert først ferdig i 2011.
Haga opplyste vidare at regjeringa har vurdert å senda miljøgassen til Snøkvitfeltet for deponering, men prislappen på 3 milliardar kroner sette ein stoppar for det. Prislappen på å utgreia testanlegget er også heva, frå 115 millionar til 260 millionar. Haga understrekar at problema med testanlegget ikkje medfører at sjølve fullskala-reinseanlegget på Mongstad vert forseinka.
- Regjeringa vil no i staden satsa på å kjøpa fleire klimakvoter. Det var ikkje dette me såg føre oss då statsminister Jens Stoltenberg lanserte Norge si ”månelanding”, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Permanent løysing
Fylkesordføraren meiner Regjeringa si avgjerd gjer det endå meir aktuelt å byggja opp Mongstad som sentral for transport og deponering av CO2 frå norske og europeiske industrianlegg. Dette er norsk industriutvikling som trengst for å få CO2-frie utslepp på sikt.
Ho oppmodar no regjeringa til å framskunda arbeidet med å byggja opp ei permanent løysing for CO2 frå Mongstad ved å transportere gassen ut til Johansen-formasjonen som ligg under Trollfeltet. Samstundes kan Mongstad utviklast til eit framtidig anlegg for mottak av CO2 frå andre industrianlegg i Norge og Europa.
- Regjeringa, som alle andre, visste at utviklinga av reinseteknologi for CO2, Norge si månelanding, ville krevja både tid og vera svært kostbart. Å utsetja testsenteret på Mongstad er eit stort tilbakesteg, meiner fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Ho meiner ein no bør satsa for fullt og sjå mot 2020, då ein vonleg kan ha på plass norsk reinseteknologi ved alle framtidige norske gasskraftverk.