Det er andre gong Stana får fylkeskommunen sin oppfinnarpris. Første gong var i 1996 då han fekk prisen for å ha funne opp ei fullprofil fjellboremaskin.
Oppfinnarprisen på kr 50 000 vart overrekt av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg under fylkestinget sitt møte i Bergen 12. desember.

Terje Kreybu (t.v.) og Ole Gunnar Søviknes (nr.2. frå venstre) fekk heiderleg omtale for sine oppfinningar. Oppfinnarprisen i Hordaland 2007 overrekte fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg til Leif Stana, som også vann i 1996.
Avansert robot
Stana får prisen for ein nyutvikla crawler ( ”krypar”) – ein liten robot eller eit minikjøretøy, som går på underlag av stål ved hjelp av magnetiske hjul. Det spesielle ved oppfinninga er at magnetane ikkje er i direkte kontakt med underlaget, og tilsvarande ikkje maltrakterer overflata den går på. Det er eit tynt fiberbelte som har kontakt med underlaget, og som også skjermar magnethjula frå magnetisk søppel. Dette er vanlegvis eit stort problem. Crawleren kan dessutan entra frå eit plan til eit anna, og kan hengja opp ned med store krefter.
Roboten kan brukast over og under vatn, og i eksplosjonsfarlege område. Den kan koplast på ei rekkje verktøy, og kan brukast til å fjerna maling, skjera plater, foreta røntgen- og ultralyd skanning, brukast ved videokontroll og utføra automatiske arbeidsoppgåver.
Crawleren er testa, og er i bruk med svært tilfredsstillande resultat.
Oppfinninga tilfredsstiller alle krava til Oppfinnarprisen for Hordaland. Ideen held eit høgt nivå som oppfinning, og ber i seg stor grad av nyheitsverdi. Oppfinnaren har dessutan dokumentert både vilje og evne til å realisere oppfinninga, som er venta å ha eit stort forretningspotensial i nasjonale og internasjonale marknader.
Heiderleg omtale
Ole Gunnar Søviknes frå Sandsli og Terje Kreybu frå Indre Arna fekk heiderleg omtale for sine oppfinningar.
Ole Gunnar Søviknes fekk Hordaland fylkeskommune sin oppfinnarpris i 2003. Denne gongen får han heiderleg omtale. Han har utvikla eit platemateriale til bruk i branndører. Dette materialet toler opp til 950 grader Celsius på brannsida, og opp til 120 grader på sida som vender bort. Materialet tilfredsstiller nye krav i forskrifter frå EU og sannsynlegvis meir til. Det er han åleine om.
Terje Kreybu har utvikla ein innretning som skal monterast på kajakk og som er utforma slik at ein aukar sjansen for sjølvberging etter kantring. Kjernen i produktet er ei fastmontert padleåre med to flyteelement som lett kan svingast ut frå kajakken og låsast i 90 graders posisjon. Utstyret vert montert på eit forsterka kajakkdekk.
17 kandidatar
Hordaland fylkeskommune har delt ut Oppfinnarprisen for Hordaland sidan 1993, og i år var det 17 kandidatar som meldte si oppfinning på i konkurransen. I fjor var det 11 kandidatar.
Søknadane hadde jamt over eit høgt nivå og fleire av dei var vinnarkandidatar.
Juryen har vore sett saman av følgjande medlemmer:
Hans Otto Robberstad – Hordaland fylkeskommune
Ivar Singstad – Innovasjon Norge Hordaland
Jan Olav Ormberg – Acapo (tidligare Bergen Patentkontor)
Vigdis Ravnøy – LO Hordaland