– Gamle underskot er borte, og vi kan igjen investere og vedlikehalde skular og vegar, sa fylkesrådmann Paul M. Nilsen under opninga av Hordaland fylkesting 11. desember.
Modernisering
– Den budsjettmessige satsinga kom først i gang i skulesektoren. Vi har framleis ganske mange skular som treng både tilbygg og generell modernisering. Med dei prosjekta som er sett i gang og planlagt vil vi få ei kraftig betring i arbeidsvilkåra for både lærarar og elevar over dei næraste åra, sa fylkesrådmannen og viste til at i Bergen er det fleire store prosjekt på gang.
To nye skular
– I Bergen har vi både størst elevvekst og fleire av de mest nedslitne skulane. Eg nemner særleg Nordahl Grieg videregående skole på Sørås som blir ein stor og moderne skule som vil leggje vel til rettes for fleksible undervisingsopplegg. Det andre store prosjektet i Bergen er det store anlegget på Nygårdstangen der vi får både skule og symjeanlegg. Anlegget på Nygårdstangen vil bli eit viktig bidrag i utviklinga av byen. Området rundt Nygårdstangen kan alt om få år framstå som ein ny bydel.
Kort veg
Fylkesrådmannen peika på at det er kort veg frå Nygårdstangen til Bystasjonen og til samferdselssektoren. Bybanen er under bygging, og Bystasjonen skal ombyggast.
– For Bergen og for kollektivtrafikken vil ei modernisering av Bystasjonen bli eit monaleg framsteg for kollektivtrafikken. I 2010 vil Bystasjonen bli teken i bruk av Bybanen. Frå 1. januar overtek vi driftsansvaret for Bybanen. I første omgang dreiar dette seg om kjøp av vogner og planlegging av driftsfasen.
Vil kjøpe bussanlegg
Fylkesrådmannen har fått fullmakt til å framforhandle kjøp av bussanlegg som Tide i dag eig i Bergen og i omkringliggjande kommunar.
– Dette er ei svært vanskeleg og stor sak, men som av offentlege omsyn er heilt nødvendig. Utgangspunktet er at infrastrukturen kostar utan omsyn til kven som eig anlegga. Kjøp av anlegga er ei nødvendig investering om ein skal makte å frigjere seg frå det tidlegare kontraktregimet og gå over i ein fri konkurranse mellom tilbydarane i marknaden, sa fylkesrådmann Paul M. Nilsen mellom anna i talen sin.
Les heile talen i rikt tekstformat