Joril Christensen er valt til leiar i Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresamakter i Hordaland.
For valperioden 2007-2011 har fylkesutvalet nemnt opp følgjande som medlemer og varamedlemer til Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmakter i Hordaland:
Medlemer
1. Anne Synnøve Ropstad (KrF)
2. Joril Christensen (Ap)
3. Eivind Nævdal-Bolstad (H)
Varamedlemer
1. Harald Hove (V)
1. Kim Størksen (SV)
1. Cathrine E. Schjelderup (H)
14 medlemer
Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmakter i Hordaland har 14 faste medlemmar; sju representantar for innvandrarane og sju representantar for styresmaktane. Fylkesutvalet oppnemnar tre fylkespolitikarar, Bystyret i Bergen oppnemnar ein kommunepolitikar, medan administrasjonen i Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og Fylkesmannen oppnemnar ein representant kvar.
Det felles innvandrarråd oppnemnar representantar for innvandrarane, og følgjer visse retningsliner for oppnemning; flest mogleg nasjonalitetar, og like mange kvinner og menn skal vere representert, ein skal ha ungdomsrepresentant og distriktsrepresentant.
Leiar og nestleiar
Leiaren for Kontaktutvalet skal vere ein politisk representant frå Fylkesutvalet. Nestleiar skal vere ein innvandrarrepresentant som blir valt av innvandrargruppa og som fungerar som leiar av denne