– Det går så det susar! sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg då ho opna fylkestinget i Hordaland 11. desember på Bergen Kongressenter, og viste mellom anna til at talet sysselsette er det høgaste nokon gong og at folkeveksten er stor.
Høgagste nokon gong
– Talet på sysselsette i Hordaland er det høgaste nokon gong. Arbeidsløysa var ved utgangen av november nede i 1,5 prosent, den lågaste på 20 år. Samstundes er etterspurnaden etter arbeidskraft svært stor. Denne strame arbeidsmarknaden gjer at verksemder i ei rekkje bransjar slit med å skaffa seg nok tilsette. Utlendingar som tek seg jobb her, reddar situasjonen i fleire bransjar, sa fylkesordføraren.
Stor innflytting frå utlandet
Fylkesordføraren viste vidare til at folkeveksten her i fylket dei første tre kvartala i år er på nesten 4 500 personar.
– Innbyggjartalet i Hordaland kom opp i 461 197 pr. 1. oktober. Av veksten hittil i år er 1 853 fødselsoverskot og 2 633 nettoinnflytting. Det er innflyttinga frå utlandet som gjev dette solide plusstalet. Utan den ville me hatt fråflytting, då det innanlands er 150 fleire som har flytta frå enn til Hordaland.
Store løft
Fylkestinget skal vedta budsjett for neste år og fylkesordføraren meiner det solide økonomiske fundamentet vi har med oss frå fylkestingsbolken som nyleg vart avslutta, vil koma godt med framover.
– Det er store løft vi skal gjennomføre både i samferdsels- og opplæringssektoren. I begge sektorar er vi i gang med og står framfor store investeringar, samstundes som driftskostnadene, særleg til kollektivtrafikken, går kraftig opp. Innsatsen for å styrkje kollektivtrafikken held fram og blir forsterka i 2008. For femte året på rad gjennomfører vi generell takstfrys for reiser med buss og båt. Einingstaksten på 23 kroner for reiser i Bergen kommune vidarefører vi når kollektivforsøket blir avslutta frå årsskiftet. Samstundes harmoniserer vi takstane mellom byen og omlandet. Det blir kutta ei takstsone for reiser mellom Bergen og fylket elles, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg mellom anna i talen sin.
Les heile talen i rikt tekstformat