I fråsegna vert det vist til at Hordaland og dei tre andre vestlandsfylka er også sterkt involverte i samarbeid med regionar og byar i Skottland på ei rekkje felt. Dette er eit samarbeid også skottane finn svært viktig og set stor pris på.
Nedgradering
Å gjera om det norske generalkonsulatet i Edinburgh til ein honorær stasjon er ei nedgradering av sambandet mellom Noreg og Skottland, meiner fylkesutvalet.
Forslaget til fråsegn vart sett fram av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og vart samrøystes vedteke av fylkesutvalet.
Fråsegna:
«Generalkonsulatet i Edinburgh må oppretthaldast
Utanriksministeren si avgjerd om å gjera om det norske generalkonsulatet i Edinburgh til ein honorær stasjon er ei nedgradering av sambandet mellom Noreg og Skottland.
Hordaland fylkeskommune og heile Vestlandet har vidfemnande samband med Skottland, og vi samarbeider tett og godt med Generalkonsulatet i Edinburgh. Dette er eit samarbeid også skottane finn svært viktig og set stor pris på.
Dei tre andre vestlandsfylka er også sterkt involverte i samarbeid med regionar og byar i Skottland, gjennom samarbeidsavtaler og prosjekt – m.a. innan Nordsjøprogrammet. Både fylkeskommunane, kommunar, næringsliv og organisasjonar deltek i denne utvekslinga. Med bakgrunn i at Skottland er næraste nabo til Vestlandet, og dei historiske banda på tvers av Nordsjøen, er dette ein naturleg del av dagleglivet vårt.
På det økonomiske området har Noreg viktige interesser å ta vare på, særleg innan olje, gass og fiskeri. Hordaland og dei andre vestlandsfylka samarbeider med skotske regionar på ei rekkje felt, til dømes innan kultur, reiseliv, bygdeutvikling og maritim sektor. I Skottland er det kring 800 norske studentar, fordelt på byane Edinburgh, Glasgow, Dundee, Stirling og Aberdeen.
Det gode og tette tilhøvet mellom Skottland og Noreg og Vestlandet kjem tydeleg til uttrykk gjennom arbeidet til fleire aktive skotsk-norske venskapsforeiningar i Edinburgh og Glasgow, på Orknøyane og Shetland. Dei to sistnemnde stadene er det særleg sterke band til Vestlandet.
På bakgrunnen av det som er nemnt ovanfor er det svært viktig med eit sterkt og operativt norsk nærvær i Skottland.
Hordaland fylkesutval vil be om at generalkonsulatet i Edinburgh vert oppretthalde, ein honorær stasjon er ikkje tilstrekkeleg.»
Pressemelding frå Hordaland fylkesutval sitt møte 3. desember (rtf-fil)