Utdelinga vart gjort av leiar i kultur- og ressursutvalet Helge Andre Njåstad på fylkestinget 12. desember.
Heidra med fylkeskommunen sitt idrettsstipend, frå venstre: Kristoffer Jørgensen, Jeanette Haga Holgersen og Stian Eriksen. Henriette Brekke er også tildelt stipend, men ho var oppteken med symje-EM for junior utdelingsdagen.
Utviklingsstipenda
Fylkeskommunen sine utviklingsstipend innan idrett kan tildelast utøvarar og trenarar. Ein person kan berre få slikt stipend ein gong.
Målet med stipenda er å gje mottakarane stimulans og høve til vidareutvikling i si idrettsgrein. Ved tildelinga av stipend vert det lagt vekt på: idrettsprestasjonar, potensial og planar for vidare satsing innan idretten.
Hordaland idrettskrets/Olympiatoppen Vest-Norge har delteke i prosessen med å vurdera kven av dei 47 søkjarane som var best kvalifisert til å få Hordaland fylkeskommune sitt utviklingsstipend for 2007. Vedtak om kven som skal tildelast stipend, er gjort av kultur- og ressursutvalet.
Utøvarane
Kort om dei utøvarane som er fekk stipend i år:
Jeanette Haga Holgersen
er 17 år og spelar handball i Tertnes Elite. I tillegg er ho med på regionlag og landslag yngre jenter. Ho er elev ved toppidrettslina ved Tertnes videregående skole. At ho er seriøs og ambisiøs viser ho ved også å delta på alle samlingar i regi av Olympiatoppen Vest-Norge som går på tvers av idrettar. Målet hennar er å koma på seniorlandslaget og å verta proffspelar i utlandet. Jeanett er frå Askøy kommune.
Kristoffer Jørgensen
er 19 år og aktiv i Bergen Stupeklubb. Han er eit av dei største talenta innan stuping i Noreg, med topp prestasjonar både på nasjonalt, nordisk og europeisk nivå. Kristoffer er den beste i Noreg på 10 meter stup. Han er med på landslaget og satsar fram mot OL 2012. Olympiatoppen føl han opp fagleg. Kristoffer bur i Bergen kommune.
Henriette Brekke
er 19 år og aktiv i Vestkantsvømmerne, som er det leiande symjemiljøet i Noreg. Ho har dei tre siste åra vore på landslaget og har i alt ni NM-gull. I tillegg har ho oppnådd gode prestasjonar i EM. Henriette er med i Olympiatoppen si kvinnesatsing, og målet hennar er OL 2012. Ho bur i Fjell kommune.
Stian Eriksen
er 17 år og ein av Noregs beste BigAir- og kulekøyrar. Han har topp plasseringar frå nasjonale og nordiske meisterskap, og har også delteke i junior VM og i verdenscuprenn. Målet hans for denne sesongen er å verta blant dei ti beste i junior VM i kulekøyring og å vinna Noregs største BigAir konkurranse i Trysil. Stian går på toppidrettslina på Voss gymnas. Han representerer ein relativt ny idrett og hans prestasjonar vert nytta mykje i biletpresentasjonar av ulikt slag. Å vera eit førebilete for unge utøvarar og ein ambassadør for idretten nasjonalt og eventuelt internasjonalt er viktig for han. Det er sagt at han har potensial til å verta den neste Kari Traa! Han er frå Åsane, representerer Bergen Freestyleklubb, men bur no på Voss.

Idrettsprisvinnarane saman med fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (t.v.) og leiar i kultur- og ressursutvalet, Helge Andre Njåstad (t.h.). Stipendvinnarar frå venstre: Kristoffer Jørgensen, Jeanette Haga Holgersen, Svein Arne Kausland (som tok imot på vegner av Henriette Brekke) og Stian Eriksen.