Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg etterlyser avgjerd og igangsetjing av det varsla forsøket med gratis ferjer i riksvegsamband. I brev til samferdselsministeren oppmodar fylkesordføraren på det sterkaste om at prosjektet vert teke med i revidert na
Fylkesordføraren viser til at det no er halvtanna år sidan samferdselsministeren, i svar på førespurnad frå Hordaland fylkesting, sa at utgreiing om saka måtte gjerast før avgjerd om forsøk vert teken.
På tide med svar
– No er det på tide med svar. Ikkje minst med tanke på at det berre er halvtanna år att av inneverande valbolk for den sitjande regjeringa, som har fremja dette gledelege forslaget til forsøksordninga, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.
Flaskehals
Ferjene er ein flaskehals for effektive kommunikasjonar og utgjer ein betydeleg transportkostnad for næringsliv og innbyggjarane i Hordaland. Av dei 95 riksvegferjesambanda i landet er 19 i vårt fylke, og Hordaland fylkesting meiner at eit par av dei må verta inkludert i forsøket.
Aktuelle forsøksprosjekt
Fedje og Austevoll er dei to kommunane i Hordaland som er utan fast vegsamband. Ei samrøystes fylkesting sa i fråsegn 14. mars 2006 at ferjesambanda til desse to øykommunane begge er svært aktuelle forsøksprosjekt. Like eins at det fylkeskryssande sambandet Leirvåg-Skipavik-Sløvåg er eit anna riksvegferjesamband som bør vurderast som forsøksprosjekt.