Dei budsjetterte investeringsmidlane til Austevoll vidaregåande skule (7 mill. kr) og Kvinnherad vidaregåande skule (10 mill. kr) i 2007, vert overførte til 2008 slik at det vert mogleg med oppstart neste år.
Reinhald
I punktet «Fylkestinget ber om at der vert fremja sak for fylkesutvalet våren 2008 om konkurranseutsetjing av reinhald» er ordet «eventuell» teken inn framfor konkurranseutsetjing.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg fekk overrekt underskriftene som var samla inn mot nedlegging av bokbåten. 1005 forfattarar, musikarar, skodespelarar og andre kunstnarar hadde skrive under. På ei anna liste - "Redd bokbåten" - var det 1 282 underskrifter frå tilhengjarar av bokbåten på Vestlandet. Frå venstre: Thomas Brevik, Siren Steen og Stig Holmås
Endring
I høve til innstillinga frå fylkesutvalet er disposisjonskontoen til kultur- og ressursutvalet redusert med 430 000 kr og takstharmoniseringa med omlandskommunane er budsjettert 1 mill. kr lågare. Desse midlane er brukt til å fullfinansiera drifta av bokbåten i 2008 og auka løyving til skulebibliotek.
Fellesforslag Hø, KrF og Frp
Forslaget som er vedteke, er eit fellesforslag frå Høgre, Fremskrittspartiet og Kristeleg folkeparti. Forslaget vart vedteke med røystene til dei 30 representantane for desse partia.
Andre forslag
Ap, SV og Sp fremja eit felles forslag til budsjett og Venstre og Rødt (RV) fremja eigne budsjettforslag. Desse forslaga fekk i hovudsak røystene til forslagsstillarane, og vart ikkje vedtekne.
Vedtekne endringar i høve til fylkesrådmannen sitt budsjettgrunnlag:
Opplæring
Innan opplæring vert budsjettet plussa på med 1,0 mill. kr til prosjekta sommarskule og leksehjelp. 1,0 mill. kr er plussa på til skulebibliotek. 250 000 kr er ført opp for å utvikla samarbeidsmodellar med kommunar om skulehelsetenesta. Forsøksprosjekt med 1-2 større kommunar vil vera aktuelt.
Til nybygg for Osterøy vidaregåande skule er det løyvd 1,45 mill. kr for å forsera fram prosjektet slik at det kan stå ferdig når leigeavtalen for noverande lokale går ut.
Dei budsjetterte investeringsmidlane til Austevoll vidaregåande skule (7 mill. kr) og Kvinnherad vidaregåande skule (10 mill. kr) i 2007, vert overførte til 2008 slik at det vert mogleg med oppstart neste år.
Kultur
Kulturbudsjettet får uendra ramme i høve til fylkesrådmannen sitt forslag, men det er vedteke omfordeling av i alt 3,0 mill. kr.
Postar på kulturbudsjettet som vert kutta: 1,85 mill. kr mindre til stillingar ved kultur- og idrettsavdelinga, tilskot på 650 000 kr til Stord maritime museum vert utsett eitt år, løyvinga til musea vert redusert med 500 000 kr ved at priskompensasjonen vert sett ned.
Postar som får auke: Løyvinga til BRAK aukar med 250 000 kr til 311 000 kr, tilskot til Livsglede for eldre (ny) 300 000 kr, Hordaland idrettskrets pluss 300 000 kr (samla 2,71 mill. kr), Vestnorsk jazzsenter pluss 100 000 kr (i alt 983 000 kr), Vestnorsk filmsenter pluss 400 000 kr (til 921 000 kr), Bergen kunsthall (drift og Ekkofestivalen) pluss 200 000 kr (i alt 360 000 kr), friluftsliv pluss 200 000 kr (i alt 2,46 mill. kr). Posten til seinare fordeling av kultur- og ressursutvalet vert auka med 1,25 mill. kr.
Andre sektorar
Det er vedteke ei innsparing på 1,5 mill. kr i fylkesadministrasjonen. Til ny informasjonsstrategi og nytt profilprogram for fylkeskommunen er det løyvd 300 000 kr.
Innan regional utvikling skal 1,5 mill.kr i tilskot til VRI-prosjektet dekkast av posten til regionale utviklingsmidlar og ikkje over eigen budsjettpost.
Verbalforslag
Etter forslag frå H, Frp og Krf er desse verbalforslaga vedtekne:
Fylkestinget ber om at det vert fremja sak til opplærings- og helseutvalet med sikte på å etablera eit tilbod etter «Vibemyr-modellen» for ungdom som fell utanfor.
Fylkestinget ber om at der vert fremja sak for fylkesutvalet våren 2008 om eventuell konkurranseutsetting av reinhald.

Monrad Reigstad i Fagforbundet overrekte 4000 protestunderskrifter mot å konkurranseutsetja reinhald ved dei vidaregåande skulane. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg tok imot underskriftslistene.
Fylkestinget føreset at etter innføring av einskapstakst, reduksjon av pris til omlandskommunar, og takstreduksjon frå 2007, følgjer prisane for kollektivreiser ei prisutvikling meir lik pris- og lønnsveksten elles f.o.m. 2009.
Fylkestinget ber om at det vert lagt fram sak om evaluering og strategi for det internasjonale arbeidet.
Fylkestinget ber om at der vert fremja eiga sak om tilstanden for undervisninga i dei vidaregåande skulene våren 2008.
Fylkestinget ber om at det blir lagt fram sak for opplærings- og helseutvalet med kartlegging av rusvanar blant ungdom i vidaregåande skular.
Oppstart Osterøy vgs blir flytta fram til 2008 slik at skulen kan stå ferdig ved utløp av leigekontrakt i noverande bygg.
Det vert etablert eit prosjekt for å kartleggja helsetilbodet for elevar i den vidaregåande skulen, samt å utvikla ulike samarbeidsmodellar med primærkommunane for å styrkja tilbodet. Prosjektet bør ha som målsetjing å initiere konkrete forsøksprosjekt i enkeltkommunar.
Forslag som fall:
Sjå pressemelding frå fylkestinget
Fellesforslag Ap, SV og Sp
Venstre-forslag
Rødt sitt forslag