Hordaland fylkesutval er nøgd med at Sjøforsvaret si verksemd vert konsentrert til Haakonsvern. Det Allierte treningssenter på Voss må oppretthaldast og heimevernet i Hordaland må ikkje svekkast, meiner fylkesutvalet.
Fylkesutvalet er også uroa over at den nye MTB Skjoldklassen ikkje er føreslegen vidareført.
Dette går fram av fylkesutvalet si høyringsfråsegn til tilrådingane frå forsvarssjefen sin Forsvarsstudie 07 og frå Forsvarspolitisk utval (utgitt som NOU 2007:15 Et styrket forsvar).
Fråsegna frå Hordaland fylkesutval:
1. «Hordaland fylkesutval er tilfreds med at Sjøforsvaret si verksemd blir konsentrert til Haakonsvern Orlogsstasjon. Dette er av stor betydning for det maritime miljøet i Bergensområdet.
2. Voss kommune har stagnasjon i folketalet. Nedlegging av Alliert treningssenter på Bømoen vil vera uheldig i eit område med behov for fleire arbeidsplassar. Det allierte treningssenteret på Voss må oppretthaldast. (Vedteke etter forslag frå Magnar Lussand, Sp.)
3. Hordaland fylkesutval vil understreka at heimevernet og sivilforsvaret har eit viktig bereskapsansvar og må difor ikkje svekkast i vårt distrikt. (Vedteke etter forslag frå Pål Kårbø (KrF) på vegner av H, KrF, Frp.)
4. Hordaland fylkesutval er uroa over at MTB Skjoldklassen ikkje blir føreslegen vidareført. (Vedteke etter forslag frå Mona Røsvik Strømme (H) på vegner av H, KrF, Frp.)»
Pressemelding frå fylkesutvalet sitt møte 3. desember (rtf-fil)