Tek eit skuleår på Orknøyane

Gunnar Høgås Skjæveland vert utvekslingselev frå Hordaland på Orknøyane i skuleåret 2007-08. 17-åringen frå Sandsli er elev ved Sandsli videregående skole.

Elevutveksling
Elevutvekslinga er ein del av venskapssambandet mellom Hordaland og Orknøyane. Kvart år får to elevar tilbod om eit skuleår på Orknøyane og tilsvarande får to elevar derifrå tilbod om eitt år i Hordaland.

Skulestart på Orknøyane er i veke 34, og Skjæveland reiser over 20. august for eit år ved Kirwall Grammar School.

Berre ein elev i år
Den andre elven frå Hordaland som fekk tilbod i år, takka nei og på kort varsel var det ikkje mogleg å finna ein erstattar.  Fylkeskommunen reknar med at det vert tilsvarande tilbod neste skuleår, og elevar  som går første året i vidaregåande i 2007-08 vil då få høve til å søkja.

Stanley Hauge 06.08.2007 09:16
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart