
Gågata på Voss. Foto: Kari Øvsthus
Arrangørar for konferansen er Hordaland fylkeskommune, i samarbeid med Voss kommune, Miljøverndepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Husbanken, Riksantikvaren og Norsk Form. Målgruppa er alle som er engasjert i ei positiv utvikling av tettstadane i alle kommunane i fylket.
Påmeldinga er den største av Hordaland fylkeskommune sine tettstadskonferansar hittil, og her er også påmeldte frå fleire kommunar i andre fylke, t.d. i Sogn og fjordane og i Oppland.
Blant spørsmåla som blir stilt på konferansen er:
* Korleis kan vi utvikle våre tettstadar vidare for å møte notidas og framtidas krav om mangfald, kvalitet og opplevingar – for handel og reiseliv og som møtestad og arena for barn, unge og vaksne?
* Korleis kan vi byggje vidare på stadens særtrekk og samstundes gi rom for nye aktivitetar?
* Korleis få betre resultat gjennom samarbeid og partnarskap lokalt, regionalt og nasjonalt?
* Kan vi med god stadutvikling trekkje til oss nye aktivitetar og ressurspersonar? Dei gode tidene vi er i no gjer at folk kan velje å bu på dei mest attraktive stadane, og reelt konkurrerer t.d. Hordaland med andre fylke og regionar om arbeidskraft og innflyttarar! Både byar, tettstadar og lokalsamfunn må vere attraktive for at folk skal finne det interessant å flytte hit – det gjeld både det fysiske miljøet og aktivitetar på den enkelte staden!
Vossevangen er vald som arena fordi dei der på få år har fått i gang ei omfattande opprusting av sentrum, med gode planar for vidare utvikling av kjerneområdet. Kva har dei gjort for å komme så langt på så kort tid? Vi får også innslag frå andre kommunar - og signal om ny satsing frå dei nasjonale instansane som er medarrangørar for konferansen!
Sjå meir om konferansen på heimesidene til Hordaland fylkeskommune, www.hordaland.no, med direkte link til konferansen:
http://www.hordaland.no/templates/Page.aspx?id=7865