Konkurranseutset pensjonsordninga

Fylkesutvalet vedtok mot 6 røyster (A, SV, Sp) å godkjenna at prosedyreforma Konkurranse med forhandlingar vert nytta ved konkurranseutsetjinga av tenestepensjonen. Saka vart handsama i lukka møte torsdag 23. august.

Kap 14 i vedtektene for tenestepensjonsordninga – vedlegg 5 til Hovudtariffavtalen – regulerer opphøyr eller flytting av pensjonsavtale. Oppseiingsfristen er 3 månader før utgangen av kaldenderåret. Endeleg vedtak om flytting må skje innan 1. desember. Etter punkt 2.1.8 i Hovudtariffavtalen er det fylkestinget som skal ta avgjerd i sak om konkurranseutsetjing av pensjonsordninga.

Etter lov om offentlege anskaffelser og forskriftene til denne lova skal konkurranseutsetjing av pensjonsordninga gjennomførast etter reglane om offentlege innkjøp. Fristane i lovverket og Hovudtariffavtalen gjer at konkurranseutsetjinga får ein stram tidsplan for å nå fylkestinget sitt møte i november.

Tillitsvalde reagerer
I forkant av møtet leverte dei fire arbeidstakarorganisasjonane eit notat til fylkesutvalet:
- Organisasjonane reagerer sterkt på at denne saka er sett på dagsorden utan at organisasjonane er blitt tekne med slik Hovudavtalen krev. Saka vart først lagt fram på drøftingsmøtet onsdag 22. august, men då utan vedlegg og kriteria. Det seier seg sjølv at dette er lang frå forsvarleg håndtering av den informasjons- og drøftingsplikt som hovudavtalen pålegg arbeidsgjevar i slike saker.

Deira krav var at handsaminga av saka vart utsett til neste møte, partane i fylkeskommunen drøftar saka og utarbeidar omforente anbodskriteria, og at saka vert handsama ekstraordinært i administrasjonsutvalet i forkant av fylkesutvalsmøtet 20. september.

Mindretalet for KLP
Fylkesordføraren gjorde framlegg om å trekkja første avsnitt i fylkesrådmannen sitt forslag om å godkjenna tildelingskriteria og vektinga av desse for val av leverandør i samband med konkurranseutsetjing av tenestepensjonen.

Gisle Handeland (Ap) sette fram slikt forslag: ” Fylkesutvalet viser til sak 170/07 der det framgår av Aon Grieg AS sin analyse og fylkesordføraren si saksutgreiing at det ikkje er argument for å skifta pensjonsleverandør. Fylkesutvalet tilrår at ein held fast på KLP som pensjonsleverandør, og finn ein anbodsprosess både unødvendig og fordyrande.” Handeland sitt forslag fekk 7 røyster (A, SV, Sp, V) og fall.

Fylkesrådmannen sitt forslag med fylkesordføraren sitt forslag vart dermed vedteke mot 6 røyster (A, SV, Sp).

Avgjerd i november
Bakgrunnen for saka er at Fylkestinget i samband med budsjettet for 2007 bad om at det vart starta ein prosess for konkurranseutsetjing av pensjonsordninga for Hordaland fylkeskommune hausten 2007. Våren 2007 vart det utarbeidd ei evaluering av pensjonsordninga ein har i KLP i dag. Evalueringa vart lagt fram for fylkesutvalet i møte 21. juni 2007.

Konsulentselskapet Aon Grieg vart valt for å hjelpa til i arbeidet med konkurranseutsetjing av pensjonsordninga. Dette selskapet vart valt grunna god erfaring og kunnskap kring problemstillinga generelt og god kunnskap om tilhøva i Hordaland fylkeskommune spesielt, ettersom firmaet utførde evalueringa nemnt ovanfor.

Konsulentselskapet understrekar at det er knytt risiko til eit eventuelt skifte av pensjonsleverandør. Konsekvensar av feil medlemsopplysningar kan vera vanskeleg å gardera seg mot. Prosedyreforma Konkurranse med forhandlingar gjer det likevel lettare å unngå mistydingar, heiter det i saksutgreiinga.

Simon Sortland 27.08.2007 13:58
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart