Offentleggjeringa av karakterutviklinga i den vidaregåande skulen tidlegare i sommar inneheldt ein utrekningsfeil i statistikken i den første rapporten. Rapporten viser difor feilaktig at Kongshaug musikkgymnas kjem desidert dårlegast ut av alle skular i
- Karaktersnittet på vidaregåande nivå på Kongshaug skal vere 4.46 og ikkje 3.57. Det er difor ikkje grunnlag for å nemne Kongshaug musikkgymnas som ein skule med særleg dårleg karakterutvikling frå grunnskule til vidaregåande nivå. Vi beklagar difor dette, seier nestleiar Inger Øvsthus Tønder ved Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune.
- Vi opplever rapporten som vart offentleggjort svært negativ både for skulen, og for hordalandselevane dette særleg gjeld, seier rektor Oddvar Rotvik ved Kongshaug musikkgymnas.
- Det viser seg at på grunn av at Kongshaug musikkgymnas som einaste vidaregåande skule i
fylket ikkje har naturfag i første klasse, har det skjedd ein utrekningsfeil i statistikken. Gjennomsnittet vart rekna ut som om alle hadde 0 i naturfag, forklarar Ronny Strand ved Arbeidslaget analyse, utgreiing og dokumentasjon. Dette er no retta opp i rapporten, som ligg på fylkeskommunen sine nettsider, legg han til.
30 prosent av dei vidaregåande skulane, stort sett yrkesfaglege eller kombinerte skular, har eit høgare nivå på karakterane etter 1. klasse enn det elevane hadde i inntakskarakter. Det er ein av hovudkonklusjonane i Hordaland fylkeskommune sin rapport om karakterutviklinga mellom grunnskule og 1. klasse i vidaregåande skule som vart offentleggjort i midten av juli.
Offentleggjering karakterutviklinga i vidaregåande skule