Internasjonal ungdomsleir om friluftsliv og folkehelse

Friluftsliv og folkehelse er tema for ein internasjonal ungdomsleir som Hordaland fylkeskommune arrangerer på Voss i perioden 6.-15. august i år. 48 ungdomar og leiarar frå Hordaland og fem utanlandske samarbeidsregionar deltek.

Dei utanlandske deltakarane kjem frå Cardiff (Wales), Basse-Normandie (Frankrike), Kaunas (Litauen), Thüringen (Tyskland) og Olomouc (Tsjekkia). Dalane fjellstova på Voss er leirstad og utgangspunkt for aktivitetane.

Tysdag 7. august var dei 48 ungdomane frå seks land samla i Bergen der fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen var vert for lunsj i Fylkehuset. Her er gjengen  fotografert på takterrassen i 5. etasje før turen gjekk til Dalane fjellstova i Voss seinare på dagen.

Tysdag 7. august var dei 48 ungdomane frå seks land samla i Bergen der fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen var vert for lunsj i Fylkehuset. Her er gjengen  fotografert på takterrassen i 5. etasje før turen gjekk til Dalane fjellstova i Voss seinare på dagen.

Program
Tema for leiren er: Friluftsliv og folkehelse. På programmet står mellom anna arbeidsseminar  om sunt kosthald og skulemat, fjelltur, gardsbesøk og til slutt ei flott friluftsoppleving med rafting, rappellering og overnatting i lavvo.

Styrt av ungdom
– Vi har sterkt fokus på ungdomsdeltaking i løpet av heile prosjektet. Ungdom sit i styringsgruppa og arbeidsgruppa, prosjektleiaren er ein ungdom, og ungdomsdeltakarane har vore med på å laga programmet for leiren, seier spesialrådgjevar Barbara Harterink i Hordaland fylkeskommune. Harterink er prosjektansvarleg for leiren.

Hordalandsgruppa
Den norske gruppa som representerer Hordaland er samansatt av ungdomar frå Hordaland Barne- og Ungdomsråd, Det Felles Innvandrarråd, Utekontakten i Bergen, New Page, Hordaland idrettskrets og Bergen Turlag. Ungdomane kjem frå Bergen, Askøy og Samnanger kommunar.

Tilskot
Ungdomsleiren har fått stønad frå EU gjennom Aktiv Ungdom programmet, eit program som  Hordaland fylkeskommune sin Internasjonale seksjon er regionalt kontaktpunkt for.

Leirdeltakarane kjem frå Hordaland og regionar i fem andre europeiske land, åtte deltakarar frå kvar region.

Leirdeltakarane kjem frå Hordaland og regionar i fem andre europeiske land, åtte deltakarar frå kvar region.

Tekst og foto: Stanley Hauge 08.08.2007 08:44
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart