Messa fann stad i Trondheim 13-17. august. Produsentar, leverandørar, utdanning, kunnskapsmiljø, finans og offentlege institusjonar frå heile Vestlandet gjekk i år saman om ein felles stand rundt temaet ”Frå fjordane til verda”.
Mange utfordringar for havbruksnæringa er felles for heile Vestlandet, og regionalt samarbeid gir store fordelar på alle område. Bak fellesstanden står fylkeskommunane på Vestlandet og Bergen kommune. Fiskeriforum Vest står for den praktiske organiseringa av standen. Fellesstanden vart offisielt opna tysdag 14. august av leiar av Vestlandsrådet fylkesordførar Jon Aasen frå Møre og Romsdal, og ordførar i Bergen, Herman Friele.
Sjømatbar
Midt på standen var det ein sjømatbar med velsmakande smårettar av råvarer som økologisk laks, kveite og blåskjel. Dette var med på å gjere standen til ein attraktiv møtestad og ein av dei største og mest spanande stands på messa. Tre kokkar var i kontinuerlig aktivitet og gav ei god profilering av Sjømatsenteret og «Smak av kysten» prosjektet som er eit samarbeid mellom sjømatprodusentar og restaurantar i Hordaland.
Politisk fiskesuppe og fagleg program
Som trekkplaster for opninga av det faglege programmet på Vestlandsstanden kom fiskeriminister Helga Pedersen og barne- og likestillingsminister Karita Bekkemellem. Tradisjonen tru serverte dei politisk fiskesuppe og fiskeriministeren presenterte deretter ein handlingsplan for auka kvinneandel i marin sektor og erklærte det faglege programmet for opna. Tema for fagprogrammet var ny kunnskap frå forsking om nye oppdrettsartar, sjømat, miljø, helse og kvalitetsspørsmål og dette vart presentert for havbruks- og sjømatnæringa.
Internett:
http://www.aqua-nor.no/
http://www.hordaland.no/marin