- Ruta på Hardangerfjorden er ei rein turistrute utvida frå tre til fem månader denne sesongen, medan ruta Rosendal-Os-Bergen er ei vanleg snøggbåtrute med sterkt preg av turisme i seg. Til trass for at det ikkje har vore noko godt reiselivsvêr denne sommaren, så har satsinga på hurtigbåtrutene vore ein suksess til no i år, opplyser Kjartan Pettersen i Arbeidslag Reiseliv.
Før sesongen vart det iverksett eit eige prosjekt for å få auka turistfokus på desse rutene. Dette heitte opphavleg Sesongutviding på Hardangerfjorden og i Sunnhordland, men vert no køyrd fram under nemninga Explore Hardangerfjord. Satsinga går over tre år og har ei ramme på 4,6 millionar kroner. Finansieringa er eit samspel mellom Hordaland fylkeskommune (kompensasjonsmidlar), Innovasjon Norge, kommunane i Hardanger, Kvinnherad kommune og næringa.
Full sesong
- Dette prosjektet har muliggjort ei utviding av fjordcruisetilbudet på indre del av Hardangerfjorden frå juni - august til 5 månader. Dermed oppfyller vi turoperatørane sitt ønskje om full sesong, fortel Pettersen.
Vidare får ein med eit langsiktig prosjekt som dette kunnea marknadsføra produktet overfor reisearrangørmarknaden som planlegg 2-4 år i førevegen. Prosjektet har hatt rom for tilsetjing av 2 turistvertar ombord, dermed får dei reisande god informasjon hele vegen. Vertane føl også med på rundturen i Eidfjord.
Hardangermeny
I tilknyting til hovudprosjektet er det gitt høve og midlar til produktutvikling. Eit resultat av dette er båtturen til Sima/Osa, som har vorte gjennomført med til dels godt belegg; både av fastbuande og turistar i Eidfjord, og passasjerar frå dei mange cruisebåtane.
- Hardangermenyen er forsøkt innført på Vøringen, men i heller liten grad. Dette er eit punkt vi vil arbeida videre med, seier Helge Møller.
Det vert gjennomført ei gjesteundersøking ombord, og denne skal gjentas i 2009. Alle passasjerane får utdelt ei flott minnebok med bilete frå Hardanger og Kvinnherad. Det er elles oppretta ei eiga webside www.discoverhardangerfjord.no og laga brosjyrar med rundturforslag basert på Vøringen og Rygerfonn.
Suksess for Hardangerfjordekspressen
Ruta frå Rosendal-Os-Bergen, kjend som Rosendalsruta, har per utgongen av juli hatt 12274 reisande. I perioden mai–juli har ruta hatt 7001 reisande. I og med at det ikkje finst tidlegare tal for denne ruta, er det vanskeleg å ha noko konkret samanlikningstal.
Også på Rosendalsruta har det vore tilsett 2 fjordvertar. På sundagen har det vore sett opp ekstra sightseeing tur frå Rosendal på Hardangerfjorden og inn Fyksesundet. Dette tiltaket har vist seg særs populært og nokre av dagane har båten gått med tilnærma full kapasitet.
- Ettersom eg brukar ruta mykje sjølv, har eg og ei god føling med utviklinga på ruta. August månad ser bra ut, og slik eg føler vil denne ruta ha ei snittpotensial på 2000-2500 passassjerar per månad, seier Kjartan Pettersen.
Skapar ringverknadar
Også i Rosendal har prosjektet utløyst produktutviklingstiltak. Bygdevandring i Rosendal, tilbod om hestetransport, tilbod om naturlos som tar folk med på turar i naturen kring Rosendal.

- For begge rutene gjeld at eksursjonane til Sima/Osa og turen på Hardangerfjorden ikke er tatt med i passasjertala. Dette vil soleis kome som gode pluss i tala, men vi får ikkje dei før i oktober. Sett frå vår synstad har satsinga så langt vore ein suksess, og vi ser fram med spaning til tala for august og september kjem då dette er sers gode reiselivsmånader, seier Pettersen og Møller.
Fakta Hardanger:
Båt: "Vøringen"
Operatør: Tide Sjø AS/Tide Reiser AS
Tidsrom: 1.5.07-30.9.07
Rute: Norheimsund-Utne-Lofthus-Kinsarvik-Ulvik-Eidfjord retur
Frekvens: 1gg/dag - samme ruteopplegg alle dagar
Tilknytta turar: Eidfjord-Hardangervidda Natursenter-Fossli retur m/buss - 3 timer. Eidfjord-Simafjorden, evt Osafjorden m/ "Vøringen" 3 timer.
Rundturar:
Tide: Buss Bergen-Norheimsund 0730/rundtur Vøringen/Buss Norheimsund-Bergen ank 1900
Fjord Tours: Tog Bergen-Voss 0830 / buss Voss-Ulvik/Vøringen-Ulvik-Eidfjord-Norheimsund/buss Norheimsund-Bergen ank 1900
Fakta Hardangerfjordekspressen (Rosendalsruta)
Operatør: Rødne Fjord Cruise
Tidsrom: 01.01.07 – 31.12.07
Rute: Rosendal–Malkenes–Os–Flesland–Bergen t/r
Frekvens: 2 turar måndag–fredag – 1 tur laurdag og sundag
Tilknytta turar: Med utgangspunkt i Rosendal er det utarbeidd fleire turforslag – både overnattings- og dagsturar.