Fest for nyopning av Storesund-slippen

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg deltok sundag på Kystsogevekearrangementet i Storesund for å feire opninga av den nye slippen. Under følgjer opningstalen for ”Slippen på Storesund”.

”Her på Vestlandet har båt og menneske vore tett samanvovd i eit livsmønster. Ein kan kalle med mange namn, fiskarbonden eller mangsysla, men ein ting visste alle dei som var i båt, nemleg det at skulle ein stake ut ei kurs, måtte ein ha eit godt landsikte å dra ut frå når ein rodde. Hadde ein det, og rodde jamnt, vart kursen rett og ein kunne nå langt.

Kystsogevekene er ein ide, ein visjon som lenge har vore på rett kurs – og langt må ein seie at vi har kome på dei åra desse aktivitetane har gått føre seg. I år er det 11.gongen Kystsogevekene vert arrangert, og dei femner no over 160 arrangement i perioden dei finn stad. Stadig kjem det nye arrangement til, men nokre arrangement byrjar å bli faste hendingar.

Langøy kystkultursenter
Gjennom dei åra Kystsogevekene har vore arrangert, har Langøy kystkultursenter vore ein gjenganger. Det sier ikkje så lite det, når ein tenker på kor mykje slike arrangement krev av frivillig innsats!

Restaureringa av Smia ved Slippen var opphaveleg eit fellesprosjekt mellom kulturminnelaget og Fjell kystlag. Smia sto ferdig restaurert i 2005, og i perioden 2004 til 2007, har Fjell kystlag ordna naustet, bygd kaiar, og bygd opp att Slippen. Dei har stått for eit fantastisk arbeid så langt.

Største kystkulturelle mønstringa
Kystsogevekene er sett som den største kystkulturelle mønstringa i Noreg, og har difor ein del å seie når det gjeld å bestemme kva kystkultur er i dag. Som eitt av arrangementa i kystsogevekene, har difor Langøy Kystkultursenter ein viktigare rolle enn det ein kanskje skulle tru.

Slike arrangement som det Kystkultursenteret og Fjell kystlag står for, er med på å blande det moderne med det tradisjonelle, og kan på den måten gjere det enklare for ungdom å delta i det vi kallar kystkultur

No er vi her i Storesund for å feire opninga av den nye slippen. Ein slipp som dette trekk folk og aktivitet - og med dét vert nye relasjonar og miljø skapt. Det er på slike stader, at ein utvekslar erfaringar, og løyser små og store utfordringar når det gjeld fartøyvern langs kysten.

Gjennom knyttinga av nye relasjonar vert tradisjon og historie tatt vare på, og ført vidare frå gamal til ung. Det er jo dette å kome på innsida av tradisjonane gjennom erfaringsnære møte som verkeleg gjer noko positivt med dei som deltek, og som vekkjer engasjement av den djupare sorten! Kan hende ein kan seie det slik: Dette er med på å skape nye ankerfeste og kjensler for kystidentitet i ei verd der ankerfesta stort sett er av den lausere sorten!

Og det er dette Kystsogevekene handlar om: Å dra dei unge med seg i levande miljø, og å gjere det tradisjonelle meir anvendeleg for eit ungt sinn . Så lenge ein klarar det, er ein på stø og rett kurs.

Det er difor med stor glede eg med dette opnar den nye Slippen her på Storesund, og ønskjer Langøy Kystkultursenter og Fjell kystlag lukke til på si vidare ferd.

Gratulerer med dagen!”

28.08.2007 10:10
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart