Berbar PC til alle VG1-elevar

– Eg er glad for at vi gjennomfører dette skippartaket for å få ein flott skule. PC er eit heilt nødvendig læremiddel, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg då ho starta utleveringa av dei første berbare pc-ane til elevar i 1. klasse i den vidaregåand

Fylkesordførar Toril Selsvold Nyborg overrekker berbar pc til elev i 1. klasse ved Bjørgvin videregående skule, Lyse Mutima.  Til høgre fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen og på andre sida av fylkesordføraren, gruppeleiar for FrP, Terje Søviknes. I bakgrunnen opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld og rektor Kjartan Stormark.
Fylkesordførar Toril Selsvold Nyborg overrekker berbar pc til elev i 1. klasse ved Bjørgvin videregående skule, Lyse Mutima.  Til høgre fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen og på andre sida av fylkesordføraren, gruppeleiar for FrP, Terje Søviknes. I bakgrunnen opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld og rektor Kjartan Stormark. (foto: Bjarte Brask Eriksen)

Annonse i Bergens Tidende med meir informasjon om den digitale skulen i Hordaland (pdf-fil)

Utdelinga skjedde på Bjørgvin videregående skole på den første skuledagen 20. august. Saman med fylkesordføraren deltok fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen og gruppeleiar for FrP, Terje Søviknes.
I alt har Hordaland fylkeskommune investert 30 millionar kroner i rundt 7000 berbare pc-ar og 20 millionar kroner i å byggje trådlaust nettverk på alle dei 46 offentlege vidaregåande skulane i fylket. Pc-ane er kraftigare og meir solide enn vanlege pc-ar tilsals i butikkane.
For pc-en betalar eleven 1000 kroner i eigendel for alle tre åra. Deretter kan eleven få overta pc-en til odel og eige for 500 kroner.
I løpet av dei neste to åra vil alle elevar i dei vidaregåande skulane i Hordaland ha eigen berbar PC kjøpt av fylkeskommunen. Fylkestinget vedtok denne satsinga på møtet i mars.

Over 30 mill. kr årleg
Årleg kostnad med å utstyra førsteklassingane med berbare PCar er kalkulert til 32-33 mill. kr. Av denne kostnaden vil eigenbetaling frå elevane dekka knapt 7 mill. kr. For fylkeskommunen kostar denne satsinga ca. 26 mill. kr i året. Av denne summen vert 20,8 mill. kr dekka av rekneskapsoverskotet i 2006 og 5 mill. kr frå avsette IT-midlar på 2007-budsjettet. Fylkestinget vedtok i juni å setja av 20,8 mill. kr til finansiering av elev-PCar i 2008.

Ementor leverer
Fylkeskommunen har inngått rammeavtale med Ementor om levering av elev-pcane. Kontrakten har ein estimert verdi på 25-30 mill. kr. I følgje Ementor er det ei av dei største slike kontraktane både i Noreg og Skandinavia.

Trådlaust nett
Alle dei vidaregåande skulane til Hordaland fylkeskommune vil til skulestart hausten 2007 ha trådlaust nettverk. Siste skule ut, Langhaugen vidaregåande skule, var ferdig utbygd i førre veke. Med trådlaust nettverk kan lærarar og elevar bruka PCen kvar som helst i alle dei vidaregåande skulane, utan fysisk oppkopling.

Straumforsyninga
Straumforsyninga til berbare PCar er derimot ikkje trådlaus. For å sikra straumtilgangen når alle elevar og lærarar tek i bruk berbare PCar, vert det i løpet av kort tid i 2007 installert 10 000 kontaktar ved dei vidaregåande skulane. Fylkestinget løyvde 20 mill. kr til opprustinga.

NRK-Vestlandsrevyen 20.08.07
BTV-innslag måndag 20.08.07
NRK Hordaland: Får digital skolesekk

Bjarte Brask Eriksen 20.08.2007 15:27
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart