Unik tannklinikk opna i Skuteviken

Ein aldri så liten verdssensasjon fann stad på Bergensklinikkene i Skuteviken fredag ettermiddag. Då opna den første tannklinikken stasjonert inne i ein rusklinikk. - Eit sårt etterlengta tannhelsetilbod for rusavhengige, konstaterte ein fornøgd Trond And

Snorklypping av tanntråd då leiar Roald Stenseide (Frp) i helse- og opplæringsutvalet offiselt opna Skuteviken Tannklinikk fredag. Hjelparane er administrerande direktør Erling Pedersen i Bergensklinikkene (t.v) og fylkestannlege Inge Magnus Bruvik. I bakgrunnen tannlege Faiza Salhi.

Leiar Arne Åsan i Sentrum Tannhelsedistrikt understreka at Skuteviken tannklinikk er ein heilt ny klinikk til ei heilt ny brukargruppe. – Dette er ein liten tannklinikk, men av stor betydning. Fleire tilsette har bede om å få jobba her, og det er ikkje berre grunna den fantastiske utsikten, poengterte Åsan. Han takka alle involverte, med ein særskild takk til klinikkleiar Ola Jøsendal som skal ha ei stor ære for at ein har fått dette på plass.

Fylkestannlege Inge Magnus Bruvik orienterte om bakgrunnen for og korleis Skuteviken Tannklinikk vart realisert. Mellom anna om Rusreformen i 2004 som omtalar spesialisert behandling for rusmiddelbrukarar og deira rettar til tannhelsetilbod. -  Rusavhengige har dårleg tannhelse, og tannhelsetilbodet var nesten like dårleg. Rusmisbrukarar har eit lågtersketilbod for helse generelt, og frå 2001 undersøkte ein kva tannhelsetilbod ein kunne få til. Grunna eit flott samarbeid med fleire organisasjonar og institusjonar kan me i dag markera eit flott tilbod både på kommunalt, fylkes- og statleg nivå, gratulerte Bruvik.

God rusomsorg
- Eit godt tannehelsetilbod har vore sårt sakna i årevis blant dei rusavhengige. Dette er eit kjærkome tiltak og er god rusomsorg. Eg vil takka på vegne av brukarane, sa Trond Andersen. Den tidlegare rusavhengige er medlem i Brukarutvalet for Bergensklinikkene og jobbar til dagleg ved Albatrossen Ettervernsenter.

- Rusavhengige ynskjer også å sjå litt ok ut i munnen. Det er viktig for dei for å fungere i det daglege og å sosialisere seg tilbake i samfunnet. Utan tannbehandling får du ein stor knekk i sjølvtilliten. Ei betre tannhelse kan hindra tilbakefall, så dette er absolutt god rusomsorg, påpeikar Andersen.

- Visjonært
- Bergensklinikkene er spesifikt opptekne av tannhelsetilbod, og vil gratulere med ein ny og flott klinikk me har fått til gjennom eit godt samarbeid. Det er første gong i Bergen og i Norge at ein tannklinikk er plassert inne i ein rusklinikk, og på Google fann eg ut at det truleg er første gong i verda, helsa administrerande direktør Erling Pedersen. Han meiner Hordaland fylkeskommune har vore visjonære i denne samanheng.


Trond Andersen i Brukarutvalet for Bergensklinikkene vert her intervjua av btv, men stilte også opp for både TV2 og BT.

Stiftelsen Bergensklinikkene er den største avrusingsklinikken i Norge med eigen metadonklinikk, dei har 3000 mottak til vidaresending og om lag 5000 pasientar årleg.

- Helse- og opplæringsutvalet har søkelys på dei svakaste, og me har vore opptekne av ei vesentleg fornying av tannhelsetilbodet. Skuteviken Tannklinikk syner at ein kan få til mykje med lite midlar. Her er flotte lokale og om ikkje anna vil pasientane gapa når dei ser den flotte utsikten. Lukke til med den nye arbeidplassen og til alle brukarane, helsa leiar Roald Stenseide (Frp) i helse- og opplæringsutvalet.

Klinikksjef Berit Seim Jørgensen mottok gåve frå eigarane ved fylkestannlege Inge Magnus Bruvik (t.h). Styreleiar for Bergensklinikkene Ragnar Tvinnereim (nr. 2 f.v), leiar Arne Åsan i Sentrum Tannhelsedistrikt.

Behandlingstilbod til personar med rusproblem

Simon Sortland 30.04.2007 11:06
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart