Trafikken aukar over Stord lufthamn

Stord lufthamn, Sørstokken er inne i ei positiv utvikling. I mars månad reiste 2.658 personar med fly til og frå lufthamna. Dette er ein auke på 724 personar eller 37,4 prosent i høve til månaden før.

Størst trafikk er på Coast Air sine ruter til og frå Oslo der passasjertalet var 2.471. 187 personar reiste med charterfly frå Stord til Århus og København.

Lufthamnadministrasjonen har i lang tid arbeidt med å få Coast Air til å auka frekvensen på flyruta Stord-Oslo-Stord.
– Vi slit med fulle fly til Oslo måndag morgon og fredag ettermiddag. I tillegg slit vi med fulle fly frå Oslo torsdag og fredag ettermiddag. Så langt har ikkje Coast Air signalisert frekvensauke på Osloruta. Vidare ønskjer vi og at rutetidene blir betre tilpassa behovet til brukarane. Med eit betre rutetilbod burde det vere mogleg å få 40.000 reisande på Osloruta. Lokalt næringsliv har godt med arbeid om dagen og bedriftene har såleis behov for eit godt rutetilbod på strekninga Stord-Oslo-Stord, seier lufthamnsjef Jan Morten Myklebust.

Lufthamnadministrasjonen jobbar også med å få etablert faste charterflygingar til og frå Stord lufthamn.

04.04.2007 11:35
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart