Samferdselssjefane samla i Hordaland

Fylkeskommunane sitt samferdselssjefkollegium var samla i Hordaland 26. og 27. april. Sist Magnus Vestrheim var vertskap var i 1998.

Samferdselssjefskollegiet i norske fylkeskommunar vitja Hordaland med samferdslesjef Magnus Vestrheim (nr. 3 f.v) som vertskap.

Alle landet sine fylker er saman med Jernbaneverket, Statens vegvesen, Kystverket og Samferdselsdepartementet med i samferdselssjefkollegiet. Her vert informasjon og erfaringar innan kollektivtransport og infrastruktur utveksla slik at dei held seg fagleg oppdatert.

- Kollegiet fattar ingen vedtak, men kjem ofte med initiativ. På denne samlinga var den nye bransjeavtalen for bussjåførane tema, og me såg på kva konsekvensar denne vil få for fylkesøkonomien, opplyser samferdslesjef Magnus Vestreheim i Hordaland fylkeskommune.

Gassferjer og kollektivtransport
Dei vel 20 deltakarane kom frå Finnmark i nord til Vest-Agder i sør. Samlingar er om våren og hausten. Statens Vegvesen orienterte om eit prosjekt som ser på korleis gje betre kollektivtilbod ute i distrikta. Jernbaneverket tok for seg framtidig organisering av terminalområde for jernbanen.

- Etter velkomsten frå fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg på Hotel Terminus torsdag, noko kollegiet sette stor pris på, tok me dei med på ein rundtur, fortel Vestrheim.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg ynskte samferdselssjefskollegiet velkomen til Hordaland.

Under overfarten på den nye snøggbåtruta Bergen-Rosendal orienterte me om snøggbåtstrukturen i Hordaland. Etter eit møte i Rosendal var det ferjetur Sunde-Skjersholmane der Kyststamvegen E39 stod på dagsorden.

Vellukka samling
Andre fagområde i fylkeskommunen, til dømes næring og opplæring, har liknande samlingar. Sentralt står økonomiske rammevilkår, og korleis kollegiet kan bidra til å få saker på dagsorden i fylkesrådmannskollegiet og fylkesordførarkollegiet.

- Me fekk ein særs interessant orientering og omvising på gassferja Raunefjord, frå brua med kapteinen og ned til maskinrommet for å sjå på gassturbinane. Dette, og at fylkesordføraren tok seg tid til å helsa på, fekk kollegiet til å setje stor pris på opphaldet hos oss, seier Vestrheim.

Simon Sortland 27.04.2007 11:12
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart