Ordførar John Skogseth i Jondal tok til orde for ei balansert utvikling slik at distrikta ikkje vert taparar i fylkeskommunen si storsatsing på den vidaregåande skulen under Hordalandskonferansen 2007.
- Går så det susar
Fylkesvaraordførar Tom Christer Nilsen opna årets konferanse med å stilla spørsmålet korleis det eigentleg står til i Hordaland. Nilsen tok for seg utfordringane innan private tenestetilbod i kommunane, folkevekst, arbeidsplassar, varehandelen, transportanalysen for Bergensområdet, kollektivtransport, skuleutbygging og den digitale skulen.
- Korleis me møter desse utfordringane har betydning for at vi saman skal sikra at Hordaland skal vere ein konkurransedyktig region til beste for innbyggarane og næringslivet.
Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen opna Hordalandskonferansen 2007 i Bergen torsdag kveld.
Nilsen understreka at for å nå målet om Hordaland som ein av dei mest innovative regionane i Europa må kommunane vere med på laget. Han poengterte også at kommunane ikkje kan stilla seg likegyldige til utviklinga innan det private næringslivet om det ikkje er ei kommunal oppgåve. Kommunane må syna engasjement og interesse, og leggja til rette for tilboda.
Dette er ikkje minst viktig i gode tider, for å leggja til rette for dei mindre gode tidene. Noko også finansbyråd Henning Warloe i Bergen kommune understreka i si orientering om Business Region Bergen.
- Vasstanden vil stiga med ein meter, og sørvest Norge vert hårdast råka grunna klimaendringane. Det slo professor og forskingsdirektør ved Bjerknessenteret for klimaforsking, Helge Drange, fast under Hordalandskonferansen 2007.
Klimaendring
Vêr og klima på Vestlandet kom og under lupa. Professor og forskingsdirektør ved Bjerknessenteret for klimaforsking, Helge Drange, drøfta kva konsekvensar endringar i klimaet kan få for kommunane.
Langtidsmelding om klimaet på Vestlandet. Kva konsekvensar kan dette få for kommunane? v/prof./forskingsdirektør Helge Drange, Bjerknessenteret for klimaforsking
Forvitrar landbruket?
Eit viktig tema på konferansen i år er landbrukspolitikken. I dag vart det stilt spørsmål om landbruket i Hordaland forvitrar, kvar det blir av alle bøndene og kva som kjem etter dei.
Eit anna tema er det lokale handlingsrommet. Ordførar i Voss kommune, Bjørn Christensen meiner det er trongt, men viktig å utnytte.
Kjem Hordalandslandbruket i klemme i den nasjonale landbrukspolitikken? v/prof. Rolf Brunstad NHH
Om landbruket i Hordaland - utviklingstrekk og status v/ass. fylkeslandbruksdirektør Åse Vaag
Går det den vegen høna sparkar? Innlegget til stortingsrepresentant Sigrun Eng (A) frå Gol (pdf)
Lokalt handlingsrom v/ Voss-ordførar Bjørn Christensen (pdf)
Rapport frå Brussel
Merete Mikkelsen, direktør ved Vest-Norges Brusselkontor kom med rapport frå Brussel til kommunane i fylket, og rådgjevar Barbara Harterink ved Europakontoret til Hordaland fylkeskommune meiner kommunane har ein viktig jobb å gjere med ungdom og internasjonalisering.
Rådgjevar Barbara Harterink ved Europakontoret til Hordaland fylkeskommune
Ungdom og internasjonal kompetanse - v/rådgjevar Barbara Harterink, Europakontoret, Hordaland fylkeskommune
Rapport frå Brussel - til kommunane i Hordaland
Merete Mikkelsen, direktør ved Vest-Norges Brusselkontor.
Den årlege Hordalandskonferansen var i år 19. og 20. april på Grand Hotell Terminus. Hordalandskonferansen er ein møteplass mellom kommunane og fylkeskommunen der felles utfordringar og strategiar for fylket vårt blir tekne opp. Fylkesmannen og hans næraste leiarar deltok også.
Gladmeldingar og hjartesukk frå kommunane på Hordalandskonferansen