Regjeringa la like før jul fram St. meld nr. 12 (2006-2007) ”Regionale fortrinn – Regional framtid”, og no har Kommunal- og forvaltningskomiteen lagt fram si innstilling. Stortinget skal handsame melding 10. mai, men det er all grunn til å tru at vedtaket vil bli identisk med fleirtalet si innstilling. Fleirtalet består av dei tre regjeringspartia AP, SP og SV, samt Venstre. KrF har i stor mon støtta fleirtalet, men dei ønskjer å gå lenger i å gje regionane større oppgåver. Høgre og FrP ønskjer å leggje ned det folkevalde politiske nivået, og overføre dei fleste av oppgåvene til kommunane.
St.meld nr. 12 omfatta i hovudsak to spørsmål. Det første er kva for oppgåver dei nye regionane som kjem til erstatning for fylkeskommunane vil få. Det andre er prosessen for å avgjere geografisk inndeling. Eg vil kommentere begge desse forholda.
Nye oppgåver for det regionale nivået
Kommunalkomiteen si innstilling omhandlar i det alt vesentlege spørsmålet om oppgåver for det regionale nivået. Det blir dels gitt nye roller og oppgåver til regionane. Dei nye oppgåvene ser ut til å bli:
Regional planlegging: Regional planlegging skal styrkjast, og det skal også vere høve til å vedta planvedtak som som i ei avgrensa periode bandlegg arealbruken. Det er presisert at regional planlegging også skal omfatte samordning av transportløysingar samt regional miljø- og klimastrategi.
Vegar: Andre riksvegar (riksvegar som ikkje er stamvegar) inklusiv ferjedrift blir omklassifiserte til regionale vegar, og blir lagte til regionane. Hovuddelen av Staten vegvesen blir overført til regionane.
Kollektivtrafikk: Samordningsfunksjon i høve til den totale kollektivtrafikken i regionen, under dette jernbane og ekspressbuss.
Innovasjon Norge: Det blir delt eigarskap til Innovasjon Norge, der staten er hovudeigar, og regionane deleigar. Fleire av dei økonomiske rammene til Innovasjon Norge skal kome via regionane. Det blir overføring av oppgåver og ansvar til regionkontora frå Innovasjon Norge sentralt.
SIVA: Det skal bli oppretta regionale innovasjonsselskap som skal vidareføre SIVA sine aktivitetar i samarbeid mellom regionane og SIVA. Dette gjeld næringshagar, inklubatorar m.m.
Universitets- og høgskulesektoren: Regionane skal oppnemne to av dei eksterne styrerepresentantane til universitet og høgskuler. Dei vil styrkje høgskulane og dei regionale institutta for å møte næringslivet sitt auka behov for FOU-innsats. Det må bli etablert nye relasjonar mellom utdannings- og forskingsinstitutta, dei regionale politiske styresmaktene og næringslivet.
Forsking: Oppretting av regionale forskingsfond til regional grunnforsking og til næringsretta forsking. Styret for fonda skal bestå av representantar for regionane og for staten, der regionane skal ha fleirtalet i styret og styreleiar.Regionane skal få større oppgåver knytt til forvalting og utforming av forskingsprogram regionalt.
Miljø: Oppgåvene til fylkesmannen sin miljøavdeling som som ikkje er knytt til tilsyn, klage, legalitetskontroll og motsegn, og rettleiing knytt til dette.
Landbruk: Fylkesmannen sine oppgåver på området med unnatak av klagehandsaming, kontroll med tilskotsordningar, motsegn, lovlegkontroll og einskilde saker med vedtaksmynde. Det er presisert regionalt innretta bygdeutviklingstiltak skal overførast.
Fylkesmannen si utdanningsavdeling: Diverse utviklingsoppgåver knytt til grunnskulen som i dag ligg hos fylkesmannen si utdanningsavdeling
Kultur og idrett: Forvalting av spelemidlar til kulturbygg og til lokale og regionale idrettsanlegg. Oppnemning av to styremedlem til kulturinstitusjonane. Midlar til kulturinstitusjonar skal i større mon bli utforma som direktetilskot frå staten, og mindre som søknadsordningar.
Folkehelse skal gå over frå ein friviljug til ei ordinær oppgåve for det regionale folkevalde nivået. Regionane si rolle skal bli tydleggjort.
Tannhelse: Framtidig organisering av den offentlege tannhelsetenesta skal bli behandla i ei eiga stortingsmelding som skal kome i løpet av våren. Fleirtalet i komiteen meiner det må sterke grunnar til dersom tannhelsetensta skal bli gitt ei anna plassering enn til regionane.
Er dette berget som fødde ei mus?
I høve til dei forventingane som vart skapte gjennom annonseringa av reforma, er det grunn til å vere skuffa. Det er blitt langt mindre oppgåver med konkret vedtaksmynde og overføring av økonomiske ressursar enn det som vart stilt i utsikt.
For fleire av oppgåvene er det framleis uklart kva som faktisk vil verte overført. Dette gjeld m.a. miljø- og landbruksoppgåver hos fylkesmannen, der det ikkje er gjort noko større forsøk på å presisere kva som er utviklingsoppgåver, og kva som er tilsyn og kontroll.
Men på den andre sida meiner eg det heller ikkje er grunn til å gå inn i ein depressiv tilstand på det regionale nivået sine vegner. Det er ein god del positive ting for dei som ønskjer eit styrkt regionalpolitisk nivå.
Tunge oppgåver vert overførte
For det første ser det ut til å bli overført tunge oppgåver til regionane. Ansvaret for andre riksvegar med delar av Statens vegvesen ser ut til å bli overført. Regionale forskingsfond er eit spanande nytt tiltak, der også fylkeskommunen får fleirtal i styet. Spelemidlane er ei stor oppgåve, der fylkeskommunen har ei rolle i dag, men der ein frå sentrale styresmakter har drevet ei særs utstrakt form for detaljstyring. Miljø- og landbruksoppgåver skal også overførast. Det er all grunn til å halde fast at dette er viktige områder for regionalpolitisk styring.
Omfattande partnarskap
Det er også grunn til å peike på at forvalting av spelemidlane vil krevje eit langt meir omfattande partnarskap med idretten. Tilsvarande vil etablering av regionale forskingsfond og regionale næringsselskap kunne føre til utvikling av partnarskapen med næringsliv og kunnskapsmiljø. Dette vil gje oss nye mulegheiter.
Politisk påverknad
Og – ikkje minst vil eg peike på at den makta og den politiske påverknaden ein fylkeskommune har, ikkje berre er ein funksjon av dei oppgåvene dei er tildelte. Det ser ut til at fylkeskommunen også blir tildelt nye roller som kanskje ikkje i seg sjølve inneberer direkte forvaltingsansvar og økonomisk styringsansvar, men som er regionalpolitisk viktige. Slike roller krev at dei framtidige regionane sjølve saman med partnarskapen må utvikle og definere oppgåvene og ansvaret – det er ikkje oppgåver som vi får eit direkte styringsansvar for. Dei gjer likevel spanade mulegheiter for utforming av regional politikk og påverknad. Dette gjeld innan næringsutvikling, der deleigarskap i Innovasjon Norge og eit utvida samarbeid med universitet og høgskular og forskingsmiljøa gir nye mulegheiter. Det gjeld også innanfor regional planlegging og folkehelse, kanskje også innan kulturområdet. Dette er viktige regionale politikkområde.
I denne samanheng vil eg peike på at då fylkeskommunane fekk ansvaret for regional utvikling i 2002, meinte mange at dette var ei reform utan innhald. Det har vist seg i ettertid at fylkeskommunane har tatt denne rolla på alvor, og har fått auka påverknadskraft og innflyting på samfunnsutviklinga nettopp gjennom denne rolla.
Det er difor mykje opp til oss sjølv å skape innhald i dei nye oppgåvene og rollene som vi vil få frametter.
Blir det ein Vestlandsregion?
Kva så med geografi? Den som leiter i kommunalkomiteen si innstilling etter synspunkt på regionstorleik, leitar forgjeves. Det ligg heller ingen gulerøter for å etablere større regionar.
Mange har nok registrerer at fylkesordførarane i Rogaland og Sogn og Fjordane er skeptiske til å etablere ein Vestlandsregion.
Men eg vil streke under at det no vil verte ein prosess. Fylkeskommunane har fått ansvar for å leggje opp til prosessar som sikrar brei medverknad i diskusjonane om framtidig regioninndeling. Alle fylkestinga i landet er i denne samanheng bedne om å vurdere og ta stilling til både ein landsdelsmodell og fortsatt vidareføring av noverande fylkesgrenser seinast i løpet av juni i år. Det er grunn til å tru at dette vil utløyse debattar fleire stader i landet.
Så – det kan fortsatt skje endringar også når det gjeld geografi.
Lenkjer til
St. meld. nr. 12 (2006-2007) Regionale fortrinn – regional framtid
Kommunal- og forvaltningskomiteen i Stortinget si handsaming og innstilling