
Ole Olsen Fykse (1879-1963) var ein grunnleggjar av amatørmusikklivet i Hardanger og ein pioner med å ta vare på den særmerkte religiøse folkesongen i fjorden. I år er det mellom anna 100 år sidan han starta opp Hardanger hornmusikklag, som i dag heiter Norheimsund Musikklag. Samstundes vert songen hans utgjeven på cd, fortel fylkesmusikar Reidun Horvei.
Fylkesmusikarane Frank H. Rolland (t.v.), Reidun Horvei og Einar Mjølsnes er sentrale aktørar på konserten søndag 22. april.
«I hagen til Ole»
Det er ikkje kvardagskost med konsert og cd-slepp på Fykse! Den 22. april vert det ein storslått konsert med over 100 medverkande! Konserten vil halda til i Ungdomshuset, ein bygning som Ole Olsen Fykse sjølv i si tid var med og sette opp.
Musikarane
Musikarane er plukka ut etter kva instrument Ole Olsen Fykse i si tid spelte på. Her vil Fylkesmusikarane i Hordaland: Reidun Horvei, song, Frank Henrik Rolland, hardingfele og Einar Mjølsnes, hardingfele/gambe medverka saman med Georg Reiss, ein av landets fremste klarinettistar. Kvammakoret, med dirigent Olav Skeie Lid og Norheimsund Musikklag, med dirigent Arild B. Nielsen vil òg medverka. Gudny Fykse og Reidun Horvei vil fortelja om Ole Olsen Fykse og den religiøse folkesongen.
Les meir om Ole Olsen Fykse og konserten.
Medverkande i konserten/cd-sleppet «I Hagen til Ole».
Plakat om konserten.

Bryllaupsmusikantar anno 1907 i Hardanger.