Ingen grunn til straumprissjokk for hordalendingane

Statnett og Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ingen grunn til å trua med at straumprisen i Hordaland kan verta høgare enn i landet elles. Det er ingen som har nekta dei å byggja ny kraftline Sima-Samnanger, men me krev ei natur- og miljøtilp

Fylkesordførar Selsvold Nyborg: Ingen grunn til straumprissjokk for hordalendinganeFylkesordføraren seier dette i ein kommentar til NRK-meldinga i dag, 25.4 2007, om at «Hordalendingane kan få straumprissjokk».

Statnett og NVE må syta for at Bergensområdet og resten av Hordaland får like god tilgang på elektrisk kraft og til tilsvarande prisar som landet elles. Det er uhøyrt og me vil ikkje finna oss i at krafteksportfylket Hordaland skal betala meir for straumforsyninga lokalt enn når krafta vert seld ut av fylket, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Det må heller ikkje verta slik at den store auken i kraftbehovet til industri og næringsverksemd i vårt område, skal føra til at nettleiga for privatkundar må setjast vesentleg opp, understrekar fylkesordføraren.

Sett i samanheng med dei nye gasskraftverka på Mongstad, som vil gje området vårt endå større kraftproduksjon, skal det ikkje vera nokon grunn til at hordalendingane skal få større straumprissjokk enn resten av landet.

Les saka på NRK sine nettsider

25.04.2007 08:49
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart