Eit viktig tema på konferansen i år er landbrukspolitikken. Det blir stilt spørsmål om landbruket i Hordaland forvitrar, kvar det blir av alle bøndene og kva som kjem etter dei.
Eit anna tema er det lokale handlingsrommet. Ordførar i Voss kommune, Bjørn Christensen meiner det er trongt, men viktig å utnytte.
Rapport frå Brussel
Merethe Mikkelsen, direktør ved Vest-Norges Brusselkontor kjem med rapport frå Brussel til kommunane i fylket, og rådgjevar Barbara Harterink ved Europakontoret til Hordaland fylkeskommune meiner kommunane har ein viktig jobb å gjere med ungdom og internasjonalisering.
Klimaendring
Vêr og klima på Vestlandet skal og under lupa. Professor og forskingsdirektør ved Bjerknessenteret for klimaforsking, Helge Drange, skal drøfte kva konsekvensar endringar i klimaet kan få for kommunane.
Til ettertanke og inspirasjon skal professor Siri Meyer fortelje om det skapande mennesket.
Alle kommunane blir invitert til å delta med ordførar og rådmann. Fylkesmannen og hans næraste leiarar blir også inviterte. Frå fylkeskommunen møter fylkesordførar, fylkesutvalet, representantar for Kultur- og ressursutvalet, Samferdselsutvalet, Opplærings- og helseutvalet,
Kontrollutvalet samt fylkesrådmannen og toppleiarane.
Nærmare opplysingar og program for Hordalandskonferansen 2007