
Rådgjevar Ove Lunde i Hordaland olje og gass leia paneldebatten. F.v: Leiar Anne M Blaker i Telemark Gassforum, Tom Therkildsen, direktør strategi i Statoil Naturgass, olje- og energiminster Odd Roger Enoksen, og stortingsrepresentantane i Energi- og miljøkomiteen Line Henriette Holten Hjemdal (KrF) og Ketil Solvik-Olsen (Frp).
- Me er på offensiven i olje- og gasspørsmål, noko den tradisjonsrike Gasskonferansen i Bergen og vår deltaking på oljemessa i Houston vitnar om. USA-turen gjer me først og fremst for å læra og knyta nye kontaktar, og ikkje minst promotera Hordaland som ein attraktiv region å satsa i og ut frå, understrekar fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Pådrivarar
I sin opningstale i Grieghallen understreka Selsvold Nyborg mellom anna at Hordaland fylkeskommune sidan 1990 har hatt eit spesielt engasjement i spørsmål knytt til innanlands utnytting av naturgass.
- I høve arbeidsplassar og miljø såg vi tidleg potensialet som låg i å nytta gass som drivstoff, energi og råstoff. Gjennom vårt engasjement i Hordaland Olje og Gass har vi mellom anna tatt initiativet til Norsk Gassforum som no snart femner alle kystfylka i landet. Vi var og tidleg ute med å støtte bruk av naturgass i bussane – det går no 81 bussar i Bergen - og vi legg inn opsjon for gassbussar i alle anbod som vert lagt ut. Vi engasjerte oss også tidleg i LNG som drivstoff i skip. Saman med Bergen kommune er vi blant stiftarane av Gasskonferansen i Bergen.
- Eg har stor tru på at det i Noreg i ei ikkje alt for fjern framtid vil vera like vanleg å bruka gass som i resten av Europa, og at vi i tillegg kan vera pionerar på nokre område. Til dømes på bruk av gass i sjøtransport, til produksjon av bioprotein, CO2-fanging og CO2-lagring.
- Skal vi ta klimatrusselen på alvor, er det berre gjennom å utvikle ein økonomisk konkurransedyktig fangst- og deponeringsteknologi for CO2, at vi kan få redusert utsleppa av klimagassar i tide, understreka fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i sin opningstale til den 14. Gasskonferansen i Bergen.
Gasskameratane
Fylkesordføraren drog og fram regionen og Gasskonferansen si pådrivarrolle for å få eit statleg engasjement innafor CO2-fangst, transport og lagring. Vidare å få etablert forskningsprogrammet Gassmax knytt til industriell utvikling med gass som innsatsfaktor, og ikkje minst gassferjene på Halhjem-Sandvikvåg og på Boknafjorden - eit kvantesprang innan miljøvenleg sjøtransport.
Det er kan hende berre ved gassdreven kysttrafikk at Noreg kan oppfylle våre internasjonale plikter og avtalar når det gjeld utslepp til luft, uttala ho.
Møteleiar Jakob Bleie var glad for å konstatera olje-og energiminister Odd Roger Enoksen si varme støtte til bruk av naturgass, og meiner det gjer han til ein av ”gasskameratane”. Enoksen understreka då også i sitt innlegg at auka bruk av naturgass vil sikra energiforsyninga og styrka kraftbalansen. Det vil gje miljøgevinstar gjennom konvertering frå tyngre brensel og gje auka verdiskaping.
- Norge skal vere leiande innanfor utviklinga av miljøvennlig energi, men regjeringa vil unngå at naturgass utkonkurrerer fornybar energi i husholdningar og næringsbygg.
CO2-problematikken og gasskraftverk gjekk han også grundig inn på, mellom anna med utgreiing om CO2-handteringa på Kårstø og Mongstad. Enoksen drog også fram kor viktig det er med utbygging av gassinfrastruktur, småskala LNG, og Skanled – gassrøyrledning som vil forsyna Norge, Sverige og Danmark med naturgass.
Klare og like rammevilkår
- Norge må ta eit krafttak for å betra energibalansen, understreka olje- og energiminster Odd Roger Enoksen under Gasskonferansen i Grieghallen.
Enoksen og regjeringa vart utfordra av stortingsrepresentantane Line Henriette Holten Hjemdal (KrF) og Ketil Solvik-Olsen (Frp) som begge sit i Energi- og miljøkomiteen. Begge påpeika i sine innlegg og i paneldebatten at Staten burde spela ei meir aktiv rolle i infrastrukturbygginga, vere meir konkrete i tidsperspektiva og i økonomisk talfesting av kva dei vil bidra med i ulike prosjekt. Dei var ikkje særleg imponerte over Regjeringa når Scanled no er hundre prosent fullfinansiert utan bidrag frå Staten.
- Når selskapa ikkje veit nøyaktig kva og kor mykje Staten vil bidra med økonomisk, og vere sikre på at rammevilkåra ligg fast, vågar dei heller ikkje å forplikta seg. Mange finn det då heller ikkje bryet verd å utgreia prosjekt med berre vage lovnadar om at Staten vil bidra, hevda Ketil Solvik-Olsen (Frp) frå Rogaland.
- Det er viktig å ta steg for steg. Skulle me ha venta på den perfecte pc-en, ville me ha vore på kulerammestadiet enno, kontra Enoksen.
Tom Therkildsen, direktør strategi naturgass i Statoil, var samd med Enoksen i at når kjøparane er der så kjem gassrøyrleidningar, som til dømes Skanled. Innføringa av kvotesystemet i EU gir ein større marknad der ein lettare kan finna løysingar og nå miljømål. Han meiner også ein må tilstreba like rammevilkår for gassindustrien i Norge som i EU. Når dette er ulikt i Norge får ein her tøffare vilkår, og det vert urimeleg meir kostbart for fastlands-Norge.
- EU har ambisiøse mål med sitt kvotesystem, og eg trur dei vil måtte strame inn. Men Norge må ta ei leiarrolle i CO2-problematikken. Regjeringa er tilfreds med at me er komen godt i gang, men me har eit langt større potensial, avrunda olje-og energiminister Odd Roger Enoksen.
Torill Selsvold Nyborg: Opningstalen
Odd Roger Enoksen - Miljøvennlig bruk av gass i Norge
Line Henriette Holten Hjemdal - Norsk naturgasspolitikk
Ketil Solvik-Olsen - Norsk naturgasspolitikk
Anne M Blaker - Gass til Sørøstlandet, Sverige + Danmark med landfall i Grenland
Per Kragseth - Hvor langt er vi kommet med bruk av naturgass i Norge i dag
Alt om Gasskonferansen i Bergen 25. og 26. april 2007