Helse og transport på dei eldre sin dagsorden

Folkehelse, politikk og kollektivtransportilbod i utkantstrok er viktige tema på Konferansen for eldreråda i Hordaland tysdag og onsdag i neste veke.

Eldrerådskonferansen 2007 samlar nær 100 representantar frå kommunale eldreråd i heile fylket. Fylkesmann Svein Alsaker opnar konferansen på Quality Hotel Edv. Grieg på Sandsli tysdag 17. april.

Etter velkomsthelsinga frå Olga Johannessen, leiar i fylkeseldrerådet, vert det konstituering av møtet før Ivar Leveraas, leiar Statens Seniorråd, innleiar om eldre – ei underrepresentert gruppe i politikken. Dette vert fulgt opp av ein plenumsdiskusjon.

Plan- og miljøsjef Gudrun Mathisen i Hordaland fylkeskommune og varaordførar Hilde Gjester Hoel i Odda kommune innleiar etter lunsj om Partnarskap for folkehelse. Deretter vert det gruppearbeid, kulturell underhaldning og ein avsluttande middag.

Framtidas omsorgsutfordringar
Statssekretær Rigmor Aasrud opnar dag to av konferansen med innleiinga”Mestring, muligheter og mening” der ho tek for seg framtidas omsorgsutfordringar. Dette vert fulgt opp av ein plenumsdiskusjon.

Siste bolk av konferansen er via problemstillinga kring særskilte kollektivtransporttilbod for eldre i utkantstrok. Spesialrådgjevar Tor Harald Rødseth frå samferdsleavdelinga i Hordaland fylkeskommune held innlegg og Steinar Onarheim orienterar om servicebusstilbod i Fjell kommune.

Simon Sortland 13.04.2007 13:50
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart