Hamnerapport på høyring

Rapporten om ny hamn for Bergensområdet er no på høyring med høyringsfrist 18.mai. Dei fem kandidatane som har gått til finalen om kvar den nye godshamna skal liggje er: Flesland, Lundaneset, CCB på Ågotnes, Vindenesskarven og Mongstad.

Det er Bergen og Omland havnevesen (BOH) i samarbeid med Hordaland fylkeskommune som har sendt på høyring utgreiinga om ny hamn for Bergensområdet. Målet er å gi eit fagleg grunnlag for val av moglege ekspansjonsområde for å utvikla eit framtidig transport- og logistikknutepunkt i Bergensområdet.
 
Arbeidet med moglege ekspansjonsområde for Bergen hamn har eit langsiktig perspektiv. Ei sentral oppgåve er å kartlegge og vurdere aktuelle område for framtidige hamneformål. I arbeidet blir det lagt til grunn at dagens funksjonar blir verande i Bergen indre hamn dei neste 15-20 åra.
 
Høyringsfrist 18. mai
Rapporten er no sendt på høyring til berørte kommunar, interesseorganisasjonar m.v. Det er lagt opp til at utgreiinga vert handsama på fylkestinget i 12.-13. juni 2007 og i hamnerådet 20. juni 2007. Av omsyn til handsaminga i fylkestinget og hamnerådet ber vi om at eventuelle synspunkt og merknader til utgreiinga om moglege ekspansjonsområde for Bergen hamn vert sende Hordaland fylkeskommune, samferdselsavdelinga innan fredag 18. mai.
 
Vi ber om at høyringsinstansane tek stilling til utgreiinga sine tilrådingar om aktuelle lokaliseringsalternativ, for vidare planlegging av eit framtidig hamneområde og korleis det vidare planarbeidet bør gjennomførast.
 
Fleire eksemplar av rapporten kan tingast ved å ta kontakt med Hordaland fylkeskommune, samferdselsavdelinga, samf@post.hfk.no

Last ned Rapporten (5MB pdf)

Høyringsbrevet (pdf)

www.hordaland.no/hamn

19.04.2007 12:59
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart