12,5 mill. «kraftkroner» til seks prosjekt innan regional utvikling

Besøksmål i Folgefonna nasjonalpark og Nye Folgefonna nasjonalpark- og informasjonssenter får til saman 4,5 mill. kr av fylkeskommunen sine konsesjonskraftmidlar til strategisk viktige prosjekt for regional utvikling. Fylkesutvalet har fordelt i alt 12,5

Fordelinga
Dei andre prosjekta som får tilskot er: Regionalt senter for kulturbasert næring – nye verkstader ved Vestnorsk kulturakademi (Voss) 2 mill. kr, fordelt med 1 mill. kr kvart av åra 2007-08.
 Odda vitensenter 2 mill. kr, fordelt med 1 mill. kr kvart av åra 2007-08.
 Perler i Nordsjøløypa 2 mill. kr, fordelt med 1 mill. kr kvart av åra 2007-08.
 Fedje fleirbrukshall 2 mill. kr i 2007.

Løyvinga til Besøksmål i Folgefonna nasjonalpark er fordelt med 1,5 mill. kr i 2007 og 0,5 mill. kr i 2008. I høve til søknaden frå Besøksmål i Folgefonna nasjonalpark vart det ikkje løyvd midlar til delprosjekta som gjeld Malmanger prestegard og Åkrafjordtunet.
 Nye Folgefonna nasjonalpark- og informasjonssenter får 2,5 mill. kr i 2008. Det er ein føresetnad for denne løyvinga at prosjektet vert fullfinansiert, seier fylkesutvalet i vedtaket.

19 søknader
I alt kom det inn 19 søknader om midlar. Til fordeling var det 6,5 mill. kr for 2007 og 8,5 mill. kr for 2008. Fylkesutvalet sitt vedtak inneber at 2,5 mill. kr av 2008-løyvinga står udisponert og vert lyst ut tidleg på nyåret 2008 saman med midlar for 2009.

Vestnorsk kulturakademi
Vestnorsk kulturakademi har søkt om tilskot til oppgradering av eksisterande verkstader, og dels første byggesteg for eit nytt bygg på om lag 250 kvm. Føremålet er å leggja til rette for personar som ønskjer å kombinere handverk med læring og etablering av næringsverksemd, og/eller næring med kunnskapsformidling og stipendiatordningar. Dei prioriterte aktivitetane ved Vestnorsk kulturakademi er mat, tre, tekstil og metall. Denne søknaden gjeld første byggjesteg, som omfattar verkstader og undervisingslokale for mat og tre.
 Totale kostnader for prosjektet er sett til 5,4 mill. kr.

Besøksmål Folgefonna nasjonalpark
Søknaden tek utangspunkt i fem av besøksmåla som er knytte til Folgefonna nasjonalpark. Det er vesentleg å satsa på geoturisme (berekraftig turisme bygd på lokalsamfunna sine premissar og deltaking). Løyvinga frå fylkeskommunen vil delfinansiera desse tiltaka:
 Meieriet i Herand: Bygget fungerer som ein av informasjons- og innfallsportane til Folgefonna nasjonalpark. Midlane vil gå til oppgradering av meieriet med formidlingssenter og kjøkken.
 Flytting av ei tømmerstove frå om lag 1870, ”Byrkjelistova”, til Agatunet/badeplass på Aganeset. Bygget vil vere ein del av eit informasjonsanlegg til nasjonalpark, kulturminne, besøksmål og næringsaktørar i Vikebygdkrinsen Landskapspark.
 Opprusting av ei løe i Buer i Odda til stad for overnatting, informasjon, eit galleri og ein base for breturisme.
 Utvikling ved Langfoss i Etne.  Prosjektet omfattar rasteplass, flaumlys på fossen, og ilandstigingskai.
 Søknaden omfatta også delprosjekta Malmanger prestegard i Rosendal og Åkrafjordtunet, men fylkesutvalet avslo midlar til desse.

Nye Folgefonna nasjonalpark- og informasjonssenter i Rosendal
Senteret er kostnadsrekna til 37,5 mill. kr, og det er søkt om støtte på 8 mill. kr. Kvinnherad kommune har løyvd 8 mill. kr, mens det er søkt staten om 15 mill. kr. Private aktørar er tenkt å stå for 6,5 mill kr, derav skal om lag halvparten av dette vere finansiert.
 Senteret vil ha geologi som overordna fagtema, og samstundes ha fokus på regionen si kultur- og naturhistorie.

Odda vitensenter
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum planlegg eit vitensenter i Odda på Smelteverkstomta. Vitensenteret er planlagt med fire hovudtema. Det er naturressursar, vasskraft, metallurgisk og kjemisk industri, samt miljøteknologi. I tillegg skal det vere ei lita, generell vitensenterdel som omfattar alle grunntema innan natur- og realfaga.
 Odda vitensenter har inngått ei skriftleg samarbeidsavtale med Bergen vitensenter.
 Prosjektet er kostnadsrekna til 7,15 mill. kr, der fylkeskommunen bidreg med 2 mill. kr. Odda kommune bidreg med 1,6 mill kr, Norges vasskraft- og industristadmuseum vil bidra med 0,15 mill i eigainnsats, mens det er søkt diverse næringslivsaktørar og LO om resten. 

Perler i Nordsjøløypa
Kulturminnene gjennom den lokale Nordsjøløypa i Sund, Fjell og Øygarden er utgangspunktet for Perler i Nordsjøløypa.
 Perler i Nordsjøløypa  har som mål å formidle samanhenger mellom verdiskaping i fortid, notid og framtid på måtar som skaper spesiell og varig merksemd, og er grunnlag for nye tenester og produkt. Det skal skape aktivitetsbaserte opplevingar i tilknyting til kulturminna og kulturhistoria, inklusiv bidrag til den kulturelle skulesekken. Prosjektet består av tre kulturminnepilotar, ein i kvar kommune, og tre fellesprosjekt som skal bidra til produkt- og tenesteutvikling i dei tre kulturminnepilotane som grunnlag for varig verdiskaping.
 Totalprosjektet er kalkulert til nærare 21,5 mill kr.

Fedje fleirbrukshall
Hallen på Fedje er planlagt som ein fleirbrukshall for idretts- og kulturførmål, og skal etter planen stå ferdig til bruk i slutten av juni 2007. Samla areal er 1600 kvm. Bygget skal ha ein storsal, garderobar, sanitæranlegg, styrkjetreningsrom, eit sosialt rom på 100 kvm, ein bowlinghall, kjøkken og bruksvestibyle. Det er lagt stor vekt på fleksible løysingar.
 Hallen er kostnadsrekna til 23,5 mill. kr.

Pressemelding frå møte i fylkesutvalet 23. april 2007 (Rtf-fil)

 

Stanley Hauge 23.04.2007 15:27
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart