Tre aktuelle operatørar kjempar om oppdraget med å tildekka ubåtvraket utanfor Fedje. Det stadfesta statssekretær Vidar Ulriksen (Ap) i Fiskeri – og kystdepartementet ovanfor NRK Dagsnytt Atten denne veka.
- Kvifor har regjeringa slik hastverk? spør Selsvold Nyborg. Transport- og kommunikasjonskomiteen i Stortinget skal no på måndag ha den andre høyringa i saka, der ein skal få utgreia om alternative hevingsmetodar.
Program ubåthøyring 16.4.07. på Stortinget
- Det er difor utruleg og forstemmande at Regjeringa Stoltenberg ikkje har tid til å venta på utkome av denne høyringa, og at dei nektar å læra av det nye som har kome fram til no og som vil kome fram før sommarferien. Det er berre deira eigen fagetat, Kystdirektoratet, som synes tildekking er den einaste og beste løysinga.
Regjeringa sin handlemåte i denne saka er eit vitnemål på total arroganse ovanfor ein heil kystbefolkning og andre fagmiljø.
Frykta større enn forstanden?
Selsvold Nyborg syner til kjemiprofessor Einar Sletten sitt forskingsprosjekt om konsekvensane av ein mogleg kvikksølvlekkasje etter at Fedje-ubåten er dekka til. Hans rapport vil verte lagt fram før sommarferien. Utgreiinga kjem i tillegg til vurderinga frå Norsk Institutt for Vannforskning (NIVA). Ubåtvraket har ligge på havbotnen i over seksti år.
- Då bør regjeringa ha tolmod til å venta på ei skikkeleg utgreiing av moglege konsekvensar av sitt eige vedtak. Men like viktig er at dei ventar på utgreiing av hevingsalternativet også, som nemnt høyringa på Stortinget førstkomande måndag. Dette har trass alt fleire av Ap sine eigne fylkeslag og landsmøta til regjeringskollegane vedteke, påpeikar fylkesordførar Selsvold Nyborg.
- Har regjeringa lagt så mykje prestisje i denne saka, og så mykje rein taktisk politisk spel at å snu no er heilt uaktuelt for dei? Er ein kortsiktig politisk siger viktigare enn framtida for våre etterkomarar, sikringa av livsgrunnlaget langs kysten og Noreg sitt internasjonale omdøme?
- Dette er rett og slett skremmande, meiner fylkesordførar Selsvold Nyborg, og ber innstendig statsminister Jens Stoltenberg om å snu i denne saka. Første steg er å stansa anbodsprosessen.
NRK Hordaland: Miljøbombe dekkes til