- På bakgrunn av høyringar i Stortinget der fleire aktørar har kome opp med nye forslag til korleis ubåten kan hevast, er det trong for meir tid til å utgreia hevingsalternativet av ubåtvraket, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen. Det betyr at det ikkje vert tildekking i 2007, og at arbeidet med å utgreia hevingsalternativ vert gitt høgaste prioritet i tida framover.
- Dette er gode nyhende og ein siger for alle som har stått på for å få Regjeringa Stoltenberg til å snu i denne saka, og få stansa anbodsprosessen for tildekkingsalternativet, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.
Lovar grundig vurdering
- Risikoen i samband med å røre på vraket og dei forureina massane på botnen vurderast som betydelege uavhengig av metode. Dei hevingsforslaga som no har komne opp i ettertid skal få same grundige vurdering som det dei allereie utgreia alternativa har fått, seier fiskeri- og kystministeren.
- La oss vona at dette held stikk, og at Regjeringa ikkje berre kjøper seg ein politisk time-out før valet i haust og Ap sitt landsmøte til helga, legg Selsvold Nyborg til.
Uroa botnar sjølvsagt i at Regjeringa ikkje tok høgde for andre enn sin eigen fagetat, Kystdirektoratet, som synes tildekking er den einaste og beste løysinga. Dei lytta ikkje til andre fagmiljø, folkeaksjonen, eigne fylkeslag eller regjeringskollegaer før presset vart for massivt.